Kategoriarkiv: Aldersgruppe

Ut på eventyr – 13 + 1 eventyr som er snudd og vridd litt på

Helene Uri (red.) og Victoria H. Hamre (illustrasjonar)

Eit utval kjente norske forfattarar har i samarbeid med Plan International Norge og Papermoon Publishing skrive nye eventyr baserte på tradisjonelle eventyr. Her tek ein opp arven etter dei tradisjonelle eventyra og justerer dei for likeverd, til samtida og framtida. Føremålet er at born skal vekse opp og vite at dei er gode nok, og at dei har jamstilte moglegheiter. Dette skal sjølvsagt gjelde born frå alle stader i verda.

Les meir

Überpress: Overtrykk 2021

No er han her, den årlege teikneserieantologien frå Überpress! Sidan 2012 har forlaget kome med 16 antologiar der norske talent får lage teikneseriar. I år får lesarane åtte historier presentert. Nokre av skaparane har aldri laga eigne teikneseriar før, andre har erfaring frå området. Alt dette får vi vite mellom kvar historie, der skaparane av historiene fortel om bakgrunnen sin og prosessen rundt historia dei har laga. På omtalen bak på omslaget, kan ein lese at «i alle historiene i Overtrykk 2021 søkjer nokon etter noko, anten kjærleik, karriere eller gull og rikdom. Dei finn alle noko til slutt.»

Les meir

Line Dybedal og Line Renslebråten: Eit hjarte til jul

Mamma til Nora ligg på sjukehuset og ventar. Ho må få eit nytt hjarte for å bli frisk og igjen kunne løfte og svinge rundt på Nora. I tillegg er det snart jul. Pappa og farmor prøver å gjere vanlege og kjekke ting i lag med Nora, slik at ikkje alt skal vere så rart og annleis i år. Likevel er det mykje å tenkje på medan dei ventar på telefonen frå sjukehuset om at eit nytt hjarte er på veg. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt eitt?

Les meir

Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen: Katten og kråka

Katten og kråka er ei spennande teikneseriebok, med ein katt og ei kråke i hovudrollene. Alt frå første side vert sansane til lesaren skjerpa.

Eit heilt folk måtte flykte frå høglandet til kysten då eit vulkanutbrot, etterfølgt av fleire år med vinter, gjorde det umogleg å dyrke mat. Vi møter folket fleire år etter flukta, og no er dei på veg tilbake til borga for å slå seg ned der. For å finne ut om det er trygt å fare gjennom skogen, sender leiaren av følget, ein trollmann som hevdar han kan snakke med både fuglar og dyr, ut ei kråke for å sjekke.

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben 4: Julemysteriet

Julemysteriet er den fjerde boka i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå der tre gode vener løyser mystiske miljøsaker.  

Det nærmar seg julemarknad, og Vanja og faren har fått i oppdrag å skaffe julegrana som skal stå på torget. Saman har dei hogge den høgste og finaste julegrana i skogen. Aldri har det stått ei finare julegran på torget, og Vanja gler seg til å vise ho fram til venene Mo og Sivert. På julemarknaden er det mykje kjekt å sjå på i dei mange spennande buene, men høgdepunktet er likevel at nissen skal kome, og at julegrana skal tennast. Julegrana frå Vanja sin skog. Men på ein augneblink vert idyllen på julemarknaden snudd til kaos. Nokon har øydelagt julegrana! Den høge, fine grana ligg på bakken, oppdelt i mange bitar. Kven er det som har gjort dette? I tillegg er det noko rart med nissen. Kvifor har han ikkje reinsdyr med seg slik han brukar, og kvifor seier han ikkje at ungane må syngje før han deler ut gåver? Det er noko som ikkje stemmer! Vanja, Sivert og Mo er straks på saka, og saman følgjer dei spor i snøen, snakkar med ordføraren og legg ut på skitur for å kome seg opp til garden til Johannes Lia den einaste i bygda som har reinsdyr. Er det klimaendringar som gjer at reinsdyra ikkje dukka opp på torget? Og er det ein samanheng mellom den øydelagde grana og den merkelege nissen, eller er dette to ulike saker?  Les meir

Atle Hansen: Alexander er forelska i Live

Jonas, Live, Alexander og Kevin er alle elevar på vidaregåande skole. Jonas og Live har vore veldig gode vener sidan dei var små. Alexander er ny på skolen og er forelska i Live. Live liker merksemda ho får frå han, men ho er forelska i Kevin. Jonas, som er eg-forteljaren, forstår slett  ikkje kva Live ser i Kevin.

Faren til Jonas er fotballtrenar, og Jonas har vore ein fotballgut, men treivst ikkje lenger saman med dei andre gutane. For faren hans er fotball det viktigaste i verda. Han fortel at dei har fått ein ny spelar på laget, Kevin. Han er ein god fotballspelar, men han har ord på seg for å vere ei bølle. Jonas går i staden på kunstfag på kulturskolen, og der er han einaste guten. Jonas lagar ei teikning av Alexander, og sender denne på snap til Live. Han får eit bilde av Kevin på fotballtrening tilbake. Les meir

Harald Nordtun: Skallen. Grøss og gru-serien

Erik er forteljaren, han pakkar klede, sovepose og fiskestong og er klar for tur. Ben og han har begge sagt heime at dei skal til fjorden og fiske, men dei har tenkt seg til Reinsvatnet der dei tidlegare ikkje har fått lov til å dra. Ein grunn til det er at der er svært rasfarleg. Det finst ei gammal segn om at ein røvar har gøymt seg der og går igjen. Det er bratt og langt å gå dit, men dei finn ein utydeleg sti der det er lenge sidan nokon har gått.  Det er heller ikkje mobildekning ved Reinsvatnet.

Då Ben og Erik kjem fram, kjenner dei lukta av bål, men dei ser ingen røyk og ikkje folk. Dei fiskar og diskuterer slukar, men får ikkje napp. Så kjenner Erik bållukta på nytt, og han får ei kjensle av at nokon ser på dei. Så oppdagar dei at det har vore eit bål utanfor ei fjellhole. Dei finn ein knokkel som er like langt som lårbeinet til Ben, og uroa Erik kjenner, vil ikkje sleppe taket. Les meir

Claudia Rankine: Medborgar: Eit amerikansk dikt

Claudia Rankine (f. 1963 på Jamaica) voks opp i Kingston og New York. I dag underviser ho ved Yale. Den lovpriste Medborgar er den femte boka hennar, og ho er blitt tildelt ei mengd prisar, mellom anna National Book Critics Award og PEN Open Book Award.

Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til.

Dette er boka til ein heil generasjon. Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet – i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben. Dette er ei viktig bok frå den amerikanske litteraturen i vår tid. Det er ei bok som er full av sinne og sorg, og som ser på USA med svarte briller. Les meir

Kari Anne Bye: Eg bur her no

Dette er den andre diktsamlinga til historikar og forfattar Kari Anne Bye. Boka fylgjer opp ei Ho, ei kvinne i trettiåra, som i samlinga Eg et før eg kjem. Er det den same Ho?

No har Ho funne ein mann på Tinder og vågar seg inn i eit forhold. Mannen er slettes ikkje verst og eit svar på mykje lengt. Men tankar og kjensler kan likevel så tvil: Korleis kan ein vite at ein har funne den rette? Ho har erfart at kjærleiken kan tone ut og døy, og blir redd. Det er sterke energiar i sving, og Ho og han føler mykje. Kan dei tole kvarandre? Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng ein ikkje flytte saman med ein gong, i alle fall ikkje før leilegheita fløymer over av vatn. Og det gjer ho. Ho set pris på tinga sine. Dei representerer tryggleik, heim og identitet for Ho. Vil han ta dei og henne i vare? Ho kjenner seg som ein gjest, men ho skal ikkje heim. Det er også ein pandemi på gang som gjer at dei må vere saman heile tida. Dei kjem seg ingen stad. Les meir

Jeaninne Masika Harrysson: Alt godt som enno ventar

Jeaninne Masika Harrysson er poet, forteljar og pedagog. Ho er mangfaldig innanfor språk og uttrykk og opptrer med eigenkomponert poesi både nasjonalt og internasjonalt på tshiluba, swahili, persisk, engelsk, fransk og norsk (nynorsk + bokmål og teiknspråk).

Harrysson har utvikla seg innanfor scenekunst i TekstLab og med støtte frå Talent Norge. Sidan 2017 har ho vore engasjert i Den mangfaldige scenen, og no ved Jakob Sande–senter for forteljekunst, og i Den kulturelle skulesekken med framsyninga Vi er alle på veg heim. Som scenekunstanar forskar Harrysson på poesi og spoken word i eit breiare og tverrfagleg performanceuttrykk.

I Alt godt som enno ventar utforskar Harrysson mellomrom, både dei i språket og dei i livet. Dette kan vere mellomromma som oppstår mellom orda i ei setning, og i romma mellom eit dikt og ei diktsamling. «Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar», heiter det i omtalen frå forlaget. Les meir