Ingeborg har blitt uvenner med den tidlegare bestevenninna Pernille. No har Pernille slått seg saman med Marte som går i same klasse. Gjennom ord, handlingar og kroppsspråk ertar dei Ingeborg som bruker høyreapparat.
Forfattaren klarer å skildre korleis det å bli halden utanfor kjennest for ei 11 år gamal jente. I Berre hopp! blir lesaren dregen med inn i tankane og kjenslene til Ingeborg. Sjølvtillit er eit sentralt tema gjennom heile barneromanen. Storebroren til Ingeborg gjev henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Desse utfordringane er med på å skape spenning gjennom heile boka.