Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.
Kategoriarkiv: 3–6
Aslak Brimi og Agnetha Berg: Huldra Hildur
Forteljinga om huldra Hildur vert formidla gjennom bok, lydbok og barneplate av musikaren og forfattaren Aslak Brimi, illustratøren Agnetha Berg, songaren Mari Midtli, Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte, og songgruppa Fjelltite. Lydboka er lesen inn av Even Lusæter. Inspirasjonen er henta frå seter og fjelliv i Gudbrandsdalen, og kan ha nedslagsfelt både lokalt, nasjonalt og fleirkulturelt. Aktørane er trygge og engasjerte i formidlinga.
Erna Osland og Victoria Sandøy: Kanskje, kanskje? Om tannfelling, tannfeer og trøyst
Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje? Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag.
Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid
Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Dei fantaserer og filosoferer over kva boka skulle handle om, for i bøkene er nemleg alt mogleg å få til.
Leggetid er ei fantasifull, varm og god forteljing, utan dei store konfliktane eller problema. Born treng også slike bøker, der alt er trygt og godt. Dette er ei retteleg fin biletbok med underfundige illustrasjonar og artige synsvinklar. Frode Grytten si solide forfattarstemme ber den enkle forteljinga og gjev henne det vesle ekstra som gode barnebøker har.
Trude Tjensvold: Bålet
Dyra i skogen ser fram til jonsokfeiringa, og beveren Bella planlegg eit ekstra stort og flott bål i år. Sjølv bur ho i hytta i dammen, eit lite stykke frå beitet i skogen. Bella elskar sommar med bading og bålbygging. Men ho er ikkje særleg glad for at bydyra kvart år kjem for å beite i skogen. Ho likar særleg dårleg grisen Sylte, og det er visst gjensidig. Dei to klarer ikkje å halde fred, men må heile tida slengje ufine kommentarar til kvarandre. Det heile toppar seg jonsokkvelden, med eit altfor stort jonsokbål og ein altfor stor jonsokgrill. Flammane vert for grådige, og alle dyra må samarbeide. Korleis kan dei sløkkje brannen? Er det mogleg å få det fint i lag i skogen igjen etterpå, alle saman saman?
Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og vindmølla
Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen prøver pappaen å finne opp ei vindmølle som heng i lause lufta. Illustrasjonane i boka er kreative og humoristiske, samstundes tek boka opp eit aktuelt tema. Kva skjer når ein plasserer vindmøller i naturen? «Heile Komlefjellet er øydelagt for all framtid!» står det i teksten, og vi ser døde fuglar ved sida av vindmøllene. Klarer oppfinnaren å lage ei flygande vindmølle som fungerer? Han vil som vanleg trenge hjelp frå både dottera Evreka og katten Arkimedes.
Dette er den femte boka i Arkimedes-serien. Dei andre bøkene er: Arkimedes og brødskiva, Arkimedes og rulletrappa, Arkimedes og Prompeland og Arkimedes og snøballen.
Hilde Myklebust og Akin Duzakin: Ylva og villgeitene
Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.
Ylva er ei handlekraftig jente som liker og kan å røre seg i naturen. Ho veit kva som er viktig for ho. Då ho leikar i trea og på slettene ved sommarhuset, oppdagar ho noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?
Erna Osland og Camilla Engman: Du og eg
Ho gjorde eit hopp.
Hopp, hopp, så øyra flagra.
Han hoppa etter, han kunne ikkje la vere.
Ho hadde så vedunderlege øyre!
Du og eg handlar litt om ein skummel rev, ein langbeint elg og den store, vinterkledde skogen. Men mest handlar boka om to harar som finn kvarandre, og som finn julefred.
Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby
Vinter – vår – sommar – haust
Klassikarane med dei detaljrike teikningane av alt som skjer i Vrimleby, er tilbake. No i eit hendig format for lesing på fanget eller i små grupper. Teikningane er dei same som før, men nytt i denne utgåva er eit felt nedst på oppslaga med nokre av teikningane og orda attmed. På denne måten vert det enklare å snakke om teikningane og å bruke nye og andre ord enn ein kanskje kjem på sjølv. Bøkene har kartongsider og kan godt lesast for, og brukast av, små born. Med den nye ordbokdelen nedst på sida er bøkene aktuelle også for større born og vaksne som skal lære norsk.
Blåmann, bok med lyd
Redaktør: Finn Valgermo
Illustrert av Monia Nilsen
Blåmann, bok med lyd inneheld seks nynorske songar: Anne Knutsdotter, Blåmann, blåmann, Eg gjette Tulla, Fager kveldsol smiler, Eg veit ei lita jente og Bind deg ein blomekrans. Kvart oppslag i boka har tittel på songen, ein liten fingersensor som spelar av songen, og ein illustrasjon. Sjølve songtekstane er samla bak i boka. Boka er i kartong, noko som både gjer ho bruksvennleg for dei minste og gøymer den vesle musikkspelaren og batteriboksen.