Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.
Kategoriarkiv: 6–9
Aslak Brimi og Agnetha Berg: Huldra Hildur
Forteljinga om huldra Hildur vert formidla gjennom bok, lydbok og barneplate av musikaren og forfattaren Aslak Brimi, illustratøren Agnetha Berg, songaren Mari Midtli, Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte, og songgruppa Fjelltite. Lydboka er lesen inn av Even Lusæter. Inspirasjonen er henta frå seter og fjelliv i Gudbrandsdalen, og kan ha nedslagsfelt både lokalt, nasjonalt og fleirkulturelt. Aktørane er trygge og engasjerte i formidlinga.
Erna Osland og Victoria Sandøy: Kanskje, kanskje? Om tannfelling, tannfeer og trøyst
Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje? Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag.
Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.
Antoine de Saint-Exupéry: Den vesle prinsen
Omsett til nynorsk av Jon Fosse
Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.
Antoine de Saint-Exupéry-klassikaren Le Petit Prince er med dette framifrå omsett til nynorsk av Jon Fosse. Med om lag 300 omsetjingar og 200 millionar selde eksemplar er den poetiske og filosofiske barneboka allalderlitteratur elska av både barn og vaksne i generasjonar verda over. Språket og illustrasjonane er naivistiske og med livsvisdom både i og mellom linjene.
Bokbussen
Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. GAN Aschehoug Målgruppe 1.–4. trinn
Sju bussar med småbøker
BOKBUSSEN inneheld til saman 160 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa. Bøkene vert leverte i solide øskjer med lok: Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. Desse er fine å ha på klasserommet, som eit lite bibliotek i seg sjølv.
Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Hytta som forsvann
Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.
På garden der Vanja bur, blir fleire av dyra sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert har leika. Kven er det som riv gamle hytter og byggjer nye? Og kvifor flyt søppelet rundt i naturen?
Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Dei svarte svanene
Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.
Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken i den vesle bygda. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene er tilgrisa av svart olje. Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er den mystiske assistenten hans, Luke, innblanda? Når ingen vaksne trur på det dei fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid
Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Dei fantaserer og filosoferer over kva boka skulle handle om, for i bøkene er nemleg alt mogleg å få til.
Leggetid er ei fantasifull, varm og god forteljing, utan dei store konfliktane eller problema. Born treng også slike bøker, der alt er trygt og godt. Dette er ei retteleg fin biletbok med underfundige illustrasjonar og artige synsvinklar. Frode Grytten si solide forfattarstemme ber den enkle forteljinga og gjev henne det vesle ekstra som gode barnebøker har.
Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og vindmølla
Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen prøver pappaen å finne opp ei vindmølle som heng i lause lufta. Illustrasjonane i boka er kreative og humoristiske, samstundes tek boka opp eit aktuelt tema. Kva skjer når ein plasserer vindmøller i naturen? «Heile Komlefjellet er øydelagt for all framtid!» står det i teksten, og vi ser døde fuglar ved sida av vindmøllene. Klarer oppfinnaren å lage ei flygande vindmølle som fungerer? Han vil som vanleg trenge hjelp frå både dottera Evreka og katten Arkimedes.
Dette er den femte boka i Arkimedes-serien. Dei andre bøkene er: Arkimedes og brødskiva, Arkimedes og rulletrappa, Arkimedes og Prompeland og Arkimedes og snøballen.
Anna R. Folkestad: Visste du at …? GODTERI, TACO og SUSHI
Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om godteri, taco og sushi. Som til dømes at lakris blei brukt som medisin i gamle dagar.
Visste du at i Mexico er det vanleg å ha sjokolade i taco? Visste du at ein tunfisk blei seld for 26 millionar kroner?
Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.