Kategoriarkiv: 6–9

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 6–9 år

Anna Fiske: Visste du at …? MAUR, MARK og MYGG

Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om maur, mark og mygg.

Visste du at mauren kan bere opptil fem gongar si eiga kroppsvekt? Visste du at marken hjelper plantane å vekse? Visste du at myggen finst over heile verda? Berre ikkje i Antarktis.

Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Hanne Sigbjørnsen: Visste du at …? BLOD, BÆSJ og HÅR

Desse tre bøkene inneheld mange artige og interessante fakta om blod, bæsj og hår. Visste du at blodet fraktar mat ut til heile kroppen? Visste du at tjukktarmen er over ein meter lang? Visste du at ei dame frå Kina hadde hår som blei over fem meter langt? Og at det er verdsrekord!

Bøkene har enkel tekst og fargerike illustrasjonar. Dei er skapte til å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Lars Mæhle og Monica Egeli: Gjett ordet med Lurivar – Andre ord

Lurivar er nyfiken og glad i ord. Derfor er han ein ordspion. Saman med ei venninne tenkjer og leitar han etter eit nytt ord. Det er noko alle dyr og alle menneske treng. Det er ikkje i havet, berre på jorda. Det er ute og inne. Kva kan det vere?

Gjett ordet med Lurivar er andre boka om ordspionen Lurivar. Det er ei god historie med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirerer ferske lesarar.

Leseland, nivå ein

Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby

Vinter – vår – sommar – haust

Klassikarane med dei detaljrike teikningane av alt som skjer i Vrimleby, er tilbake. No i eit hendig format for lesing på fanget eller i små grupper. Teikningane er dei same som før, men nytt i denne utgåva er eit felt nedst på oppslaga med nokre av teikningane og orda attmed. På denne måten vert det enklare å snakke om teikningane og å bruke nye og andre ord enn ein kanskje kjem på sjølv. Bøkene har kartongsider og kan godt lesast for, og brukast av, små born. Med den nye ordbokdelen nedst på sida er bøkene aktuelle også for større born og vaksne som skal lære norsk.

Les meir

Atle Berge og Henning Lystad: Robot-Birk

Vi kjenner att gutane frå dei første bøkene om Barcelona-gjengen. Denne forteljinga startar med eit dramatisk fall som endar med sjukehusopphald for Birk. Både han og resten av fotballaget synest det er heilt forferdeleg. Snart er det nemleg årets viktigaste kamp. Kven skal no rope «skyt» når Moa skal skyte? Det brukar Birk alltid å gjere, og no ligg han på sjukehus og kan verken rope eller spele fotball. Men kanskje dei kan låne roboten, som er auga og øyra til Birk, og som rektor brukar i klasserommet medan Birk er for sjuk til å kunne følgje undervisinga på skulen? Klarer dei å få lånt roboten utan at nokon merkar noko, og klarer dei å vinne kampen?

Leseland, nivå tre

Max Velthuijs: Den store boka om frosken og vennene

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Frosken om vinteren

Omsett av Hanna Midtbø og Halldis Moren Vesaas

Det er tretti år sidan dei første forteljingane om frosken, og kva er vel betre enn å samle seks av bøkene i ei jubileumsutgåve? I Den store boka om frosken og vennene finn du desse forteljingane:

Les meir

Christian Wiik Gjerde: Jul på Bukken hotell

I Blomholmen by snør det lett 1. desember, men det er likevel ikkje det spor julestemning i byen, synest Fredrik. Han er heime på juleferie frå kostskulen i Sveits, men det viser seg at dei ikkje kan bu heime på mange månader. No er han og foreldra på veg til eit hotell, der dei skal bu medan det er folk i huset deira som ordnar opp i vasslekkasjen og museinvasjonen. På veg til hotellet opnar Fredrik ein konvolutt som er adressert til far hans, ordførar Hanzon. Ein mystisk medalje ramlar ut. Avsendaren er ein som kallar seg Krampus, men Fredrik har ei kjensle av at det ikkje nødvendigvis er eit godt teikn å få ein medalje frå han. Dessutan er ikkje foreldra til Fredrik særleg hyggelege, og han mistenkjer at den manglande julestemninga har noko med ordførarpappaen hans å gjere.

Les meir

Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken – Ein venn til Leo

Til nynorsk ved Øystein Rosse.

Leo har mykje energi, så mykje at han knapt klarer å sitje stille, men er høgt og lågt heile tida. Dei andre i klassen synest det er travelt. Leo skulle så gjerne hatt ein venn, men kven skulle det vere? Ein dag han tek att Mira på skulevegen, fortel ho om Den magiske dyrebutikken. Sjølv fekk ho «Gullet», den hemmelege vennen sin, der. I Den magiske dyrebutikken er det den gamle dama som styrer, og ho veit akkurat kva slags dyr som passar for Leo. Ho gir han også ei liste med alt eit dyr treng for å trivast. Skal tru om Leo klarer å ta seg av den nye vennen sin, han som har så mykje energi, og som ikkje klarer å lese kva som står på lista frå den gamle dama?

Den magiske dyrebutikken – Ein venn til Leo er ei bok om vennskap og kjæledyr, og om å jobbe for noko ein vil veldig mykje. Illustrasjonane og teksten spelar godt på lag i denne humoristiske og hjartevarme forteljinga.

Ina Giske: Sjøhesten Hippo og plasten i havet

Illustrert av Børge Sandnes
Sjøhesten Hippo blir send på ei ufrivillig reise ut i havet. Der møter han ulike skapningar som alle er påverka av plast. Dette er ei historie om samarbeid og venskap på tvers av art, men mest om utfordringane plasten i havet skaper for dei som bur der.

Denne boka eignar seg godt til høgtlesing. Undervegs kan ein stoppe opp og spørje barna om dei kan namnet på ulike skapningar som bur i havet. Barna kan også kjenne igjen ulike gjenstandar frå menneske, som hamnar i havet, alt ifrå Q-tips til gamle fiskegarn/spøkelsesgarn.

Sjøhesten Hippo og plasten i havet inneheld også ein faktadel for dei som vil vite meir. Der finn du mellom anna spørsmål frå historia, ordforklaringar og informasjon om kva du kan gjere sjølv.
Boka forklarer utfordringane med plast i havet ein lettfatteleg måte.