Kategoriarkiv: 9–12

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 9–12 år

Line Nagell Ylvisåker: Foxi – sledehunden ingen ville ha

Dette er ei forteljing om polarhunden Foxi. Det er også ei forteljing om kjærleik, tillit, det spesielle forholdet som kan vere mellom hund og menneske, hundekøyring, sledehundar og sledehundløpet Iditarod. Mest handlar boka om at vesle Foxi blir sett på prøve.

Boka er skriven av Line Nagell Ylvisåker (f. 1982) som har budd i Longyearbyen sidan 2005. Ho er utdanna journalist og har også skrive boka Verda mi smeltar. Å leve med klimaendringar på Svalbard.

I boka får vi følgje Foxi gjennom livet. Då ho blei fødd på Svalbard, åt ho dårleg og var lita og svak. Eigaren, hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke Foxi som sledehund, og ønskte å gi bort Foxi. Men ingen ville ha henne, og Tommy valde å behalde hunden sin. Les meir

Solveig Blindheim Bendixen: Den mystiske krukka

Tore har eit ønske som er større enn noko anna ønske, og det er å få pengar nok til å kjøpe seg eit telt. For om han får seg eit telt, er det kanskje eit håp om at han også kan få vere med Preben og gjengen på telttur i skogen.  

Foreldra til Tore er skilde, og Tore bur saman med mora si. Faren til Tore bur i Bergen i lag med den nye kjærasten sin, Britt. Tore likar ikkje Britt, og han tenker at om ho hadde vore ein fugl, måtte ho ha vore ein gauk. For gaukar stel andre fuglar sine reir, akkurat slik Britt stal faren til Tore vekk frå dei. I tillegg er ho heilt ko-ko.  Les meir

Tor Arve Røssland: Vulkanen vaknar. Første bok i serien Overleve.

Jamal og Eira er begge 13 år. Dei har blitt med kvar sin far om bord på forskingsskipet Bluenose. Oppdraget er å finne ut kvar all fisken i nordatlantiske farvatn har tatt vegen. Det kan bli matkrise om dei ikkje finn fisken. Jamal er svært interessert i alt som går føre seg om bord, men det er ikkje Eira. Ho har ikkje lyst til å vere der i det heile, men faren har bestemt.

Hendingane strekker seg over 17 dagar, og dette er ei framtidsforteljing. Her får vanlege folk reise med fly berre ein gong i året, og flyplassen for Bergen er flytta til Voss. Dei store isane har smelta, og havstraumane går ikkje lenger der dei gjekk før. Like alvorleg er det at heile Nord- og Sør-Amerika er blitt eit diktatorisk land som heiter Americas. Her er det berre Canada som ikkje er med. Dei to store rådande nasjonane er Alliansen og Den Kinesiske Staten, og mellom dei er det fare for krig. Les meir

Lars Mæhle: Tusenfryd. Noveller

Tusenfryd er ein flott blomster, men Lars Mæhle viser at «Tusenfryd» også kan vere tittelen på ei nydeleg bok! Denne boka rørte meg allereie frå første side.

Boka har undertittelen «noveller», og ho inneheld historier om livet til seks gutar og jenter i ein tettstad i Noreg. Kvart kapittel gir lesaren innblikk i livet til dei ulike personane og viser at det gøymer seg meir i ein person enn det vi ser. Forteljingane heng saman med kvarandre og dannar ei heilskapleg forteljing om relasjonane og liva til elevane, borna, tenåringane og menneska i ein klasse. I det siste kapitelet, eller forteljinga, «juleevangeliet», er det ei spesiell setning som oppsummerer boka, og sjølve livet, så godt. Setninga «Alt vi ikkje veit om kvarandre …»

Og dette er heile essensen i boka. Kan det vere ein skjult grunn til at folk er som dei er, eller gjer som dei gjer? Les meir

Ut på eventyr – 13 + 1 eventyr som er snudd og vridd litt på

Helene Uri (red.) og Victoria H. Hamre (illustrasjonar)

Eit utval kjente norske forfattarar har i samarbeid med Plan International Norge og Papermoon Publishing skrive nye eventyr baserte på tradisjonelle eventyr. Her tek ein opp arven etter dei tradisjonelle eventyra og justerer dei for likeverd, til samtida og framtida. Føremålet er at born skal vekse opp og vite at dei er gode nok, og at dei har jamstilte moglegheiter. Dette skal sjølvsagt gjelde born frå alle stader i verda.

Les meir

Karin Moe Hennie: Ninjana (2). Den sakna turisten.

Det er ikkje ofte ein får høyre om ein ninja i setesdalsbunad, men i denne bokserien møter vi faktisk ein liten gjeng av dei. Dette er den andre boka om Ninjana. Ninjana bur saman med mormora si i ei lita hytte oppe på eit fjell i Valle i Setesdalen. Ninjana går på skulen nede i dalen, og der vert ho kalla Nina. På skulen går ho med vanlege klede som dei andre, men når ho er heime igjen, tek ho på seg setesdalsbunaden sin. Mormor går også i setesdalsbunad, men dei tek ikkje på seg dette plagget for å gå i 17. mai-tog. Nei, setesdalsbunaden med skaut og søljer er ninjadraktene deira. Mormor har lært Ninjana godt opp,  og ho har si eiga dokke ho brukar øve ninja-kunstane sine på.  Og dei kunstane og ninjatriksa kjem ofte godt med når Ninjana må prøve å løyse ulike saker som dukkar opp.  Les meir

Karin Moe Hennie: Ninjana – det store skredet

Dette er den første boka i serien om Ninjana, jenta som bur i lag med mormora si i Valle i Setesdal, trenar på ninjakunster,  kler seg i setesdalsbunad og har skjulte våpen i nasjonaldrakta. Ingen i bygda veit at Ninjana og mormora er ninjaer, og ingen må heller nokon gong få vite det. Dei to bur i lag i ei hytte på fjellet, saman med lemenet Lemi og reinsdyret Reini. Som i alle eventyr kan også desse to dyra snakke. I alle fall kan Ninjana og mormor skjøne kva dei seier. Dei to ninjaene har som mål å halde bygda nedanfor dei trygg, og dei gjer sitt beste for å greie det. Men bygda sin lensmann, Lensmann Homme, er mest oppteken av å kome i avisa. Derfor tek han alltid æra for alle saker som vert løyste, eller alle tjuvar som vert fanga. På skulen skryt dottera hans av kor flink faren hennar, lensmannen, er. Og Ninjana, som heiter Nina når ho er på skulen, kan ikkje seie noko om at lensmannen lyg, og at det slett ikkje er han som er helten i bygda. Les meir

Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen: Katten og kråka

Katten og kråka er ei spennande teikneseriebok, med ein katt og ei kråke i hovudrollene. Alt frå første side vert sansane til lesaren skjerpa.

Eit heilt folk måtte flykte frå høglandet til kysten då eit vulkanutbrot, etterfølgt av fleire år med vinter, gjorde det umogleg å dyrke mat. Vi møter folket fleire år etter flukta, og no er dei på veg tilbake til borga for å slå seg ned der. For å finne ut om det er trygt å fare gjennom skogen, sender leiaren av følget, ein trollmann som hevdar han kan snakke med både fuglar og dyr, ut ei kråke for å sjekke.

Les meir

Ida Eva Neverdahl: Floke 2 – inn i skrømtskogen

Den andre boka om den fredelege vikingguten Floke held fram der bok nummer ein slutta. Floke er saman med ei ku og ein attergangar på ei ferd gjennom skrømtskog, trollfjell og sjølvaste Jotunheimen. Målet deira er å redda verda frå ragnarok, og på vegen støyter dei på både Nøkken, Fenrisulven, Tyr, Ratatosk og andre skapningar frå norsk folketru og norrøn mytologi. Streken til Neverdahl er naiv, sprelsk og levande, og det same er forteljarstilen hennar. Du veit aldri kva innfall som ventar på neste side, og særleg slutten av boka er noko av det særaste og artigaste eg har lese. Det er berre å gleda seg til bok nummer tre om Floke med det same.

Olla Rypdal: Mysteriet ved Hangmanʼs Hill

Som tittelen tyder på, er dette ei spennande forteljing med røter i England. Vi får møte Anna og vennene Siri og Erik, som hjelper til med opprydding i det gamle feriehuset på Vargholmen. Der finn dei eit uskarpt, gammalt svart-kvittfotografi av eit landskap, eit stup ved ei klippe. Bak på biletet står det Hangmanʼs Hill, og dei vert nysgjerrige på å finne ut meir om staden og bakgrunnen for biletet. Saman med fotografiet finn dei også gamle brev, adresserte til ei Martha, underteikna Betsy. Breva er sende frå Combe Martin i 1906, og dei skjønar raskt at det handlar om eit gammalt, uløyst mysterium. Dei tre går i gang med å grave i historia og får verkeleg fart i sakene då foreldra til Anna går med på å reise til England på vinterferie, og Siri og Erik får bli med. Les meir