Illustrert av Øyvind Torseter
Absolutt Pode er ei samlebok om Pode, familien hans og bestekompisen Anton, i høve Tor Arve Røssland sitt 20-årsjubileum som forfattar. I tillegg til dei fire første bøkene inneheld samleboka også to nye forteljingar om Pode. Og, ikkje minst, det er også med eit eige kapittel om korleis Røssland fann opp universet til Pode, og korleis dei fantasifulle og sprelske forteljingane kom til. Her kan vi også lese om kven som er inspirasjonskjelda for den ufyselege storebroren Pyton, den snusfornuftige og veslevaksne søstera Petra, foreldra deira, og dei andre karakterane i bøkene.