Kategoriarkiv: barnebøker

Erna Osland og Victoria Sandøy: Kanskje, kanskje? Om tannfelling, tannfeer og trøyst

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje? Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag.

Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.

Les meir

Inger Johanne Sæterbakk: Rundt jorda og tilbake

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 5–13)

Jonas er eg-forteljaren, og han går i sjuande klasse. Han liker veldig godt å spele gitar. Han bur saman med mamma og veslebror Andreas som er åtte år. Pappa har nettopp flytta ut fordi han har fått seg ny kjærast. Dette pregar heile familien, mamma er veldig lei seg. Jonas tenker at han må vere veldig snill, slik at ho blir glad igjen.

Les meir

Ida Eva Neverdahl: Floke

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 89–102)

Floke, hovudpersonen i den nye teikneserieromanen frå Ida Neverdahl, er ein fredeleg gut. Helst vil han nytta tida si på å spela gitar, dikta songar og vera venleg mot alle. Problemet er berre at han lever i ei valdeleg vikingverd. Ein dag får han eit magisk sverd, og saman med sverdet kjem oppgåva om å hindra ragnarok. Deretter ballar det på seg med farlege drakar, ein sprø toregud på fisketur, dinosaurar som vaknar til liv og ein attergangar som vil koma seg bort frå dødsriket Hel, trass i at dei har bingo der kvar laurdag. I boka tek Neverdahl oss med gjennom norrøn mytologi, eventyrreferansar, uventa påfunn og overraskande hendingar, alt skildra i den uttrykksfulle, naivistiske teiknestilen hennar.

Teikneserien Floke går fast i Norsk Barneblad, og det skal etter kvart koma fleire bøker om Floke. Det er berre å gleda seg!

Bår Stenvik og Rune Markhus: Ti utrulege oppfinningar

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 8–17)

I ti spennande kapittel kan vi lese om oppfinningane lyspæra, atombomba, kjøleskapskrukka, p-pilla, antibiotika, oppvaskmaskinen, autotune, protesar, kevlar og den vitskaplege metoden. Her får vi presentert nokre nye og nokre gamle oppfinningar, og veit du ikkje kva alt dette er, kan du lese om det i boka. I tillegg finn vi tekstboksar der vi får informasjon om andre oppfinningar. I kapittelet om oppvaskmaskinen får vi presentert miksmasteren, ostehøvelen, gaffelen og nåla. Vi får også lese historia om forfattaren som i si tid måtte hjelpe til med oppvasken.

Lyspæra er sjølve symbolet på det å finne opp noko epokegjerande, og det klassiske bildet av ein oppfinnar er ein mann i kvit frakk på eit laboratorium. Stenvik nyanserer dette bildet og skriv at ei oppfinning gjerne er resultat av eit samarbeid mellom fleire, og at oppfinningar tar tid å utvikle. Dei er sjeldan resultat av ein genial idé, men eit langvarig arbeid med prøving og feiling. Oppfinnaren kan sjølvsagt like godt vere ei kvinne; «Og denne evna til å sjå nærare der andre ikkje ser noko interessant, er typisk for ein oppfinnar».

Les meir

Antoine de Saint-Exupéry: Den vesle prinsen

Omsett til nynorsk av Jon Fosse

Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.

Antoine de Saint-Exupéry-klassikaren Le Petit Prince er med dette framifrå omsett til nynorsk av Jon Fosse. Med om lag 300 omsetjingar og 200 millionar selde eksemplar er den poetiske og filosofiske barneboka allalderlitteratur elska av både barn og vaksne i generasjonar verda over. Språket og illustrasjonane er naivistiske og med livsvisdom både i og mellom linjene.

Les meir

Harald Nortun: Spådama i 7B

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 5–12)

Nina kjem flyttande frå Belgia og skal byrja i klasse 7B. Ho kjenner ingen på den nye skulen, og det er difor ei nervøs jente som møter klassen sin for fyrste gong. På grunn av nokre tilfeldige hendingar får ho ord på seg for å kunna sjå inn i framtida, noko mange av dei andre i klassen synest at er spanande. Det heile ballar på seg, og for Nina kjennest det brått ut som om ho må spela med og lata som om ho er synsk, dersom ho vil få vener. Men er det verkeleg lurt? Og korleis kan ein lyga på seg synske evner?

Til liks med den førre boka til Nortun, den brageprisnominerte Blå flaggermus, er Spådama i 7B ei artig og god forteljing for 10–12-åringar.

Du kan lesa eit intervju med Harald Nortun på sida til Samlaget.

Bokbussen

Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. GAN Aschehoug Målgruppe 1.–4. trinn

Sju bussar med småbøker

BOKBUSSEN inneheld til saman 160 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa. Bøkene vert leverte i solide øskjer med lok: Bokbussen RAUD, Bokbussen LILLA, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN, Bokbussen FAKTA, Bokbussen FAKTA nr. 2 og Bokbussen SPENNING. Desse er fine å ha på klasserommet, som eit lite bibliotek i seg sjølv.

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Hytta som forsvann

Hytta som forsvann er andre bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

På garden der Vanja bur, blir fleire av dyra sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert har leika. Kven er det som riv gamle hytter og byggjer nye? Og kvifor flyt søppelet rundt i naturen?

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Dei svarte svanene

Dei svarte svanene er første bok i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med klima- og miljøsaker som spesialitet.

Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken i den vesle bygda. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden, og dei kvite svanene er tilgrisa av svart olje. Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er den mystiske assistenten hans, Luke, innblanda? Når ingen vaksne trur på det dei fortel, må Klodeklubben ta saka i eigne hender.

Les meir

Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid

Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Dei fantaserer og filosoferer over kva boka skulle handle om, for i bøkene er nemleg alt mogleg å få til.

Leggetid er ei fantasifull, varm og god forteljing, utan dei store konfliktane eller problema. Born treng også slike bøker, der alt er trygt og godt. Dette er ei retteleg fin biletbok med underfundige illustrasjonar og artige synsvinklar. Frode Grytten si solide forfattarstemme ber den enkle forteljinga og gjev henne det vesle ekstra som gode barnebøker har.