Bø og bæ skal sykle til venen sin, Bo. Han har fått ny sykkel, med tre gir og handbrems. Men Bo er blitt forkjølt og får ikkje lov til å gå ut. Venene vil gjera han glad, så dei syklar til butikken for å kjøpe noko til han. Bø og Bæ har ingen pengar. Etter eit fall på sykkelen får dei etter alt hell litt pengar som trøyst, og dei syklar av stad til butikken. Det er vanskeleg å veta kva ein skal kjøpe. Bø og Bæ kjøper tre par solbriller; eit par til kvar av dei. Blå, rosa og gul. Bo vert glad for gåva, og kanskje er det ikkje så synd på han likevel …? Les meir
Kategoriarkiv: 0–3
Tetiana Kosovska: I skogen
I skrivande stund er det april, og medan snøen ligg tjukk somme stader i landet, har vårsola vekt både blomstrar og biller andre stader. Då er det spennande å lette på steinar og sjå under gammalt lauv, og kanskje er det liv i maurtua att? I skogen er ei vrimlebok med handteikna, detaljrike illustrasjonar. Her er det mykje å snakke om på kvart oppslag. Figurane går att fleire stader, og det gjer at lesaren blir kjend med dei. Vi får sjå morosame møte og dikte fantasifulle forteljingar sjølv, sidan boka er heilt utan tekst. Boka har kartongblad og passar like godt i tursekken som i lesekroken i barnehagen.
Les meir
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid
Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Dei fantaserer og filosoferer over kva boka skulle handle om, for i bøkene er nemleg alt mogleg å få til.
Leggetid er ei fantasifull, varm og god forteljing, utan dei store konfliktane eller problema. Born treng også slike bøker, der alt er trygt og godt. Dette er ei retteleg fin biletbok med underfundige illustrasjonar og artige synsvinklar. Frode Grytten si solide forfattarstemme ber den enkle forteljinga og gjev henne det vesle ekstra som gode barnebøker har.
Blåmann, bok med lyd
Redaktør: Finn Valgermo
Illustrert av Monia Nilsen
Blåmann, bok med lyd inneheld seks nynorske songar: Anne Knutsdotter, Blåmann, blåmann, Eg gjette Tulla, Fager kveldsol smiler, Eg veit ei lita jente og Bind deg ein blomekrans. Kvart oppslag i boka har tittel på songen, ein liten fingersensor som spelar av songen, og ein illustrasjon. Sjølve songtekstane er samla bak i boka. Boka er i kartong, noko som både gjer ho bruksvennleg for dei minste og gøymer den vesle musikkspelaren og batteriboksen.
Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk og Monsterknipe
Omsetjing: Tove Bakke
Dei to nye bøkene om Veslemonster, Storemonster og den nye venen Raggmonster er parallelle historier som kan lesast kvar for seg.
I Monsterbesøk vil Storemonster leike med Veslemonster. Men Veslemonster kan ikkje, for Raggmonster er på besøk.
Veslemonster og eg skal ut og fiske, det gjer vi alltid om laurdagen.
– Kjem du, då? spør eg.
– Kor hen, svarer Veslemonster.
– Ut og fiskar, vel! seier eg.
– Nei, seier Veslemonster.
– Eg har ikkje tid. Ha det!
Storemonster tykkjer ikkje det er noko moro å leike åleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Monsterbesøk er ei bok om kor vanskeleg det er å vere tre.
Les meir
Barbro Lindgren og Eva Eriksson: Bøkene om Pål
Hugsar du bøkene om Pål? No har dei kome i ny utgåve. Pål har både bil, ball, bamse, bleie, dokkevogn, kake, lampe, potte, smokk og balje.
Dette er engasjerande bøker med kvardagslege hendingar for dei minste borna.
Det kan eg også, Poppeloppane!
Kan du gjere det same som Poppeloppane? Les boka og finn det ut.
Boka er basert på serien om Poppeloppane, som går på NRK og har nynorsk tale.
Poppeloppane: Den store raude båten
Kom om bord i den store raude båten og ha det gøy med Poppeloppane!
Boka er basert på serien om Poppeloppane, som går på NRK og har nynorsk tale.
Poppeloppane: Hallo, Pippeli! Hallo, Pipp!
Bok nummer to om Poppeloppane er no å finne i hyllene på daglegvarebutikken. Dei fargerike figurane frå Barne-TV leikar gøymsel, og Pippeli og Pipp gøymer seg først i hattebutikken. Så må Store Hu og Tuddelu leite i blomsterbedet og rundt såpeboblemaskina. Heldigvis finn vi dei att. Kanskje er det Tittei som hjelper alle tilbake i den raude båten?
Serien om Poppeloppane går på NRK og har nynorsk tale. Borna kjenner lett igjen figurane derifrå i boka, og vil ha glede av den enkle, men spennande handlinga på leiting etter Pippeli og Pipp.
Dette er Poppeloppane!
Forlaget Vigmostad & Bjørke kjem no med fyrste bok i ein serie med dei populære barne-tv-figurane Poppeloppane. Boka har ei enkel forteljing i eit fargerikt og sprudlande biletspråk, og som i fjernsynsserien står omgrepslæringa sentralt. Dei neste bøkene i serien kjem i 2018.
I tillegg til boka finst det dessutan eit aktivitetshefte på marknaden. Det heftet let borna løysa oppgåver med tusj som kan viskast bort etterpå, slik at kvar oppgåve kan gjerast mange gonger. Og om eg skal døma ut frå kva den vesle testpersonen heime seier og gjer, er oppgåvene kjekke å gjera om att og om att.