Kategoriarkiv: 0–3

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 0–3 år

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni gjer det fint

Unni_og_Gunni_gjer_det_fintUnni og Gunni gjer det fint fornyar pingvin-universet. Det startar med at dei konstaterer at det er litt tomt i huset deira. Det må dei gjera noko med, så dei fyller huset med slikt ein fyller hus med. Innreiinga skjer på ein pedagogisk og omgrepsfokusert måte, slik at ungar skal læra om langt og kort, høgt og lågt, gamalt og nytt, osb, og på den måten er også Unni og Gunni gjer det fint ei slags peikebok. Samstundes er boka ei historie om sambandet mellom interiørinteresse og familieetablering, som gjer pingvinane litt meir like oss menneske og gjev dei litt meir å spela på.
Les meir

Helga Gunerius Eriksen: Peri og Peti vender om

Peri og Peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort.
Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store, vesle forteljinga om Peri og Peti. Resultatet er blitt ei perle av ei bildebok til glede for både små og store lesarar.
Boka er støtta av Leser Søker bok.
Les meir

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni (appar)

No finst bøkene om dei to handlekraftige pingvinane Unni og Gunni som appar til nettbrett. Både Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar er tilgjengelege, og til og med den nye Unni og Gunni gjer det fint, som ikkje er komen på papir enno.

Pingvinane er seg sjølve også på nettbrett. Appane er fyrst og fremst bøker som les seg sjølve høgt, men det er også ting ein kan få til å skje på boksidene, og så er det lydeffektar som saftslurping og strikkepinneknitring. «Veldig gøy med den rullegardina, for då vart det heilt mørkt», seier Dagny, fem og eit halvt, om Unni og Gunni gjer det fint. «Og veldig gøy når Unni og Gunni rørte på seg». I tillegg kjem det med ein bilet-lotto om Unni og Gunni til kvar bok.

Les meir

Nhu Diep: Bronto Biff på Café Olala

Det Norske Samlaget

Bronto Biff er ein uvanleg dinosaur. Han har berre svart mat i kjøleskapet. No er det vel ikkje så vanleg at dinosaurar held seg med kjøleskap, men her er poenget at Bronto Biff har eit underleg og einsidig kosthald. Ikkje et han plantar og ikkje et han kjøt – berre den evinnelege, svarte maten.

Men slikt blir ein jo lei av til slutt. Bronto Biff gjer heilomvending, går på restaurant og glefsar i seg alt dei har på menyen. Det er herleg! Men magen er ikkje heilt klar for eit så stort lass med mat. Les meir

Anna R. Folkestad: Henrik And

Det Norske Samlaget

«Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And, saman med eit bilete av Henrik i ein litt tafatt og oppgitt positur. Så byrjar Henrik å tenkje: «kva skulle han vera?» Og han kjem med mange framlegg – kanskje ein katt, ein hund, ein sjiraff eller ein mark? Les meir