Kategoriarkiv: 3–6

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 3–6 år

Mariell Øyre og Borghild Fallberg: Bestefar og Miri

Miri har samla mange skattar. På rommet sitt har ho ei stor settekasse full av skjel, konglar og steinar, og kvar og ein av dei er full av minne. Skattar og minne ho har samla saman med Bestefar, bestevennen hennar. Bestefar seier aldri nei, er ein meister i å lage fuglelydar og tek på seg skulda dersom noko går gale. Men no har doktoren sagt at Bestefar vil få det betre dersom han reiser sørover for vinteren. Det synest Miri er vanskeleg å forstå og å godta. «At Bestefar skal ha det betre nokon annan stad, slår krøll på hjartet til Miri». Kven skal finne på spennande ting saman med Miri no når Bestefar skal vere i Spania heile vinteren? Ti laurdagar skal han vere der nede. Det er lang tid.

Les meir

Christian Wiik Gjerde og Ingunn Thon: Oppdrag Romvesen. (5 episodar)

Oppdrag Romvesen er ein digital/nedlastbar lydbokserie som er inndelt i episodar. Det er viktig å høyre episodane i rekkefølge slik at ein får gangen i historia. Serien består av 5 lydbøker/episodar, der kvar lydbok varer mellom 13 og 15 minutt. Den første episoden har fått namnet «Dei nye naboane», episode 2 heiter «Første skoledag», nummer 3 er «Akvariet», nummer 4 «Overnatting», og den femte heiter «Musikktimen». 

Det er forfattarane sjølve som les, og dei gjer det med stor innleving. Dei ulike karakterane i lydboka vert presenterte gjennom ulike dialekter og stemmer, og det vert gjort med stor overtyding. Lydboka er stappfull av lydeffektar og bakgrunnsmusikk, noko som gjer ho ekstra levande. Historia er spennande og morosam og passar for barnehagebarn og dei yngste elevane på skulen.   Les meir

Line Dybedal og Line Renslebråten: Eit hjarte til jul

Mamma til Nora ligg på sjukehuset og ventar. Ho må få eit nytt hjarte for å bli frisk og igjen kunne løfte og svinge rundt på Nora. I tillegg er det snart jul. Pappa og farmor prøver å gjere vanlege og kjekke ting i lag med Nora, slik at ikkje alt skal vere så rart og annleis i år. Likevel er det mykje å tenkje på medan dei ventar på telefonen frå sjukehuset om at eit nytt hjarte er på veg. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt eitt?

Les meir

Lena og Olof Landström: Bø og Bæ og stakkars Bo

Bø og bæ skal sykle til venen sin, Bo. Han har fått ny sykkel, med tre gir og handbrems. Men Bo er blitt forkjølt og får ikkje lov til å gå ut. Venene vil gjera han glad, så dei syklar til butikken for å kjøpe noko til han. Bø og Bæ har ingen pengar. Etter eit fall på sykkelen får dei etter alt hell litt pengar som trøyst, og dei syklar av stad til butikken. Det er vanskeleg å veta kva ein skal kjøpe. Bø og Bæ kjøper tre par solbriller; eit par til kvar av dei. Blå, rosa og gul. Bo vert glad for gåva, og kanskje er det ikkje så synd på han likevel …?  Les meir

Tetiana Kosovska: I skogen

I skrivande stund er det april, og medan snøen ligg tjukk somme stader i landet, har vårsola vekt både blomstrar og biller andre stader. Då er det spennande å lette på steinar og sjå under gammalt lauv, og kanskje er det liv i maurtua att? I skogen er ei vrimlebok med handteikna, detaljrike illustrasjonar. Her er det mykje å snakke om på kvart oppslag. Figurane går att fleire stader, og det gjer at lesaren blir kjend med dei. Vi får sjå morosame møte og dikte fantasifulle forteljingar sjølv, sidan boka er heilt utan tekst. Boka har kartongblad og passar like godt i tursekken som i lesekroken i barnehagen.
Les meir

Martine Grande: Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.

Les meir

Aslak Brimi og Agnetha Berg: Huldra Hildur

Forteljinga om huldra Hildur vert formidla gjennom bok, lydbok og barneplate av musikaren og forfattaren Aslak Brimi, illustratøren Agnetha Berg, songaren Mari Midtli, Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte, og songgruppa Fjelltite. Lydboka er lesen inn av Even Lusæter. Inspirasjonen er henta frå seter og fjelliv i Gudbrandsdalen, og kan ha nedslagsfelt både lokalt, nasjonalt og fleirkulturelt. Aktørane er trygge og engasjerte i formidlinga.

Les meir

Erna Osland og Victoria Sandøy: Kanskje, kanskje? Om tannfelling, tannfeer og trøyst

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje? Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag.

Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.

Les meir

Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen: Leggetid

Det er leggjetid, men jenta vil at pappa skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ønskje at nokon kunne skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Dei fantaserer og filosoferer over kva boka skulle handle om, for i bøkene er nemleg alt mogleg å få til.

Leggetid er ei fantasifull, varm og god forteljing, utan dei store konfliktane eller problema. Born treng også slike bøker, der alt er trygt og godt. Dette er ei retteleg fin biletbok med underfundige illustrasjonar og artige synsvinklar. Frode Grytten si solide forfattarstemme ber den enkle forteljinga og gjev henne det vesle ekstra som gode barnebøker har.