Kategoriarkiv: 3–6

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 3–6 år

Veronika Erstad og Ella K. Okstad: Korleis bli kvitt ei veslesøster

Guri får ei veslesyster, men det har ho ikkje lyst på. Livet var langt enklare før babyen kom og stal all merksemda til mora med skrik og skrål. Guri har rett og slett lyst til å få bort problemet, og ho lagar difor ei liste med ulike måtar ho kan kvitta seg med veslesystera si. Men går det verkeleg å spyla ein baby ned i do? Eller er det kan henda slik at det kan vera bra å vera storesyster, trass alt?
Les meir

Kurt Rutledal: Alfred Bamse bæsjar

Kurt Rutledal har skrive fire bøker om Alfred Bamse og om det dei to finn ut i lag. Denne boka handlar om det som skjer i fordøyelsen, det som hamnar i do, og ferda vidare til septiktanken, septikbilen, reinseanlegget og vidare.

Alfred Bamse er skikkeleg nysgjerring på kvar det blir av det som vi spyler ned i do, og går forskingsmessig til verks for å finne det ut. Saman med Kurt reiser han rundt til eit anlegg som gjer kloakken om til hygienisert organisk kompost. Dei fer også til eit stort reinseanlegg i Bergen som lagar gjødsel til kornåkrar og til å plante plen og busker i. I tillegg får vi lære om biogass som driv bussar og ymse ting i industrien.

Les meir

Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng: Pling vaken

Har du opplevd å leggje deg utan å få sove? Eller kjenner du deg igjen i å skulle leggje born som slett ikkje er trøytte, og som treng både ekstra vatn, ein ekstra runde på do og å høyre minst ein ekstra god-natt-song før dei sovnar?

Klara har det slik denne kvelden. Ho er rett og slett pling vaken, same kva mor gjer eller seier. Og det blir ikkje enklare når skapmonsteret kjem fram og klagar over at ikkje han heller får til å sove, og at han er redd for spøkelset under senga. Klara må gjere alt ho kan for å roe skapmonsteret og få det til å sovne. Ho har lært nokre overtalande argument frå mamma, men er det nok?

Les meir

Randi Fuglehaug og Nora Brech: Skalla

Iben likar ikkje å vere på sjukehus, men veit at ho må dit likevel for å få livsviktig behandling. Rett etter at dei har funne rommet dei skal sove på, står det ei jente i døropninga, utan eit hår på hovudet. Jenta presenterer seg som Skalla-Malla, og tek Iben med på oppdagingsferd rundt på sjukehuset. Saman gløymer dei alt som er vanskeleg og leitt, og dreg til hemmelege og magiske rom.

Iben mister venninna si, så boka romantiserer ikkje det å vere alvorleg sjuk. Likevel er det livsglede og livskraft som er grunntonen i forteljinga.

Skalla gjer det mogleg å snakke om eit vanskeleg tema, men det er også ei bok som inviterer til å leike seg med tanken på at det finst godteriblomstrar, diskodans og vennskap der du kanskje minst ventar det. Les meir

Bjørn Sortland og Elisabeth Moseng: Zara og dei. Misse-konkurransen

Du har kanskje tenkt at missekonkurransar for og med born er ein uting? Å fjonge seg med fine kjolar, sminke og hårpynt og bli bedømt av ein dommar har i alle fall mor til Zara ingenting til overs for. Ho meiner at kvar ei jente er den finaste og beste jenta. Far til Patrìcia synest derimot at ein missekonkurranse er heilt innanfor, og inviterer far til Zara til å vere meddommar. Men så er ikkje dette ein missekonkurranse som alle andre missekonkurransar heller, skal det vise seg. Dette er ein ny variant som garantert får fram eit smil og eit grøss både hos store og små lesarar, også hos mor til Zara.

Dette er den andre boka om Zara og dei, og også denne gongen får vi vennskap, naseblod og akkurat passeleg mykje spenning.

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte forteljinga får vi møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Les meir

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Randi Fuglehaug og Jill Moursund: Papelina

Papelina er ei lita papegøyejente som bur i den frodige jungelen saman med veslebror Papo, Papa Gøye og Mama Gøye. Der har dei det fint, men ein dag fortel Papa Gøye at dei må reise frå heimen sin. Han seier dei skal på eit topphemmeleg eventyr, og at dei må reise alt same kveld, utan å fortelje det til nokon. Dei får berre pakke med seg nokre få ting i kofferten, før dei flyg av garde til hamna. Båtane der skal ta dei over havet til eit nytt land, for det er for langt å flyge heile vegen over havet.

Les meir