Kategoriarkiv: ungdomsbøker

Kjersti Wøien Håland: Kom og hent meg

«Kva ventar dei på? Grasstråa som står i giv akt. Ein ordre frå løvetannobersten, eit dytt frå røter, ein grasklipper som kan halshogge dei?». Desse orda slår an tonen og tematikken i dikta i samlinga Kom og hent meg. Her er det korte dikt på kvar side, mange av dei med ein humoristisk undertone. Dette er dikt som kan fenge ungdommar og vaksne, og som kan gje oss noko å tenke på.

Les meir

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Under

«I Zeijang-Volvo held vi kvarandre i hendene», seier direktørpresident Ingmor.

Det totalitære framtidssamfunnet Zeijang-Volvo er, bokstaveleg tala, bygt på restane av eit tidlegare samfunn som har gått under. Her møter me barneheimsjenta Ela, som arbeider som slave i produksjonshallane. Ho oppdagar etter kvart at regimet tek livet av folk, og ho set difor i gang eit opprør. Samstundes vert det klart for lesaren at Ela har noko som både styrarane og den mystiske undergrunnsrørsla er ute etter …

Forfattarane har greidd å skapa eit fascinerande, dystopisk science fiction-univers der språket, som er iblanda restar av svensk og kinesisk, gjev ekstra liv til verda som vert skildra.

Les meir

Erna Osland og Sigbjørn Lilleeng: Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Tony T og kusina Silja er begge på ferie hos farfar. Silja er modig og liker veldig godt å dykke, og ho meiner bestemt at Tony T er veldig treig og aldri kan bestemme seg. Farfar er litt uroleg for alt Silja finn på, for i fjor måtte ho hentast med helikopter. Silja stikk seg ofte bort, og Tony leitar.

Tony finn ho på loftet der ho nærast overfell han. Ho seier ho skal vise han ei hemmelegheit, men ombestemmer seg. Etterpå kjem ho durande ned på kjøkkenet med eit kart som farfar fortel har vore oldefarens markeringar av kvar det finst vrak. Silja liker å dykke på vrak, det var det ho hadde gjort sommaren før. På loftet finst det visst mange rare saker.

Les meir

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sette i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.

Brevet frå krigen er ei bok om korleis det er å vekse opp under andre verdskrig, og om livet i Noreg og viktige hendingar i krigsåra. Boka er røtt i opplevingane til Jorun E. Waage som var 12 år då tyske soldatar tok over Noreg den 9. april 1940. Forteljingane er baserte på samtalar med Jorun, hennar private brev og bilete, samt ei innhaldsrik samling av historiske kjelder og biletmateriale. Les meir

Lars Mæhle: Jag är Supermann

«Jag är Supermann» står det på t-skjorta til Bjørn, og det har blitt tittelen på novellesamlinga til Lars Mæhle. Men Bjørn er langt frå Supermann, og slik er det også med dei andre ungdommane vi møter. Novellesamlinga inneheld fem noveller av ulik lengde, og sjølv om dei er sjølvstendige forteljingar, møter vi fleire av personane igjen i fleire noveller. Alle hendingane går føre seg på Sunndalsøra ein måndag om sommaren.

Les meir

Marit Kaldhol: Z for sorry

I Z for sorry held Marit Kaldhol fram med å skrive om nokre av ungdommane som vi møtte i den kritikarroste romanen Zweet (2015).

I den nye romanen møter vi att Susan, og ho har vorte utsett for ei ulukke. Eller er det eigentleg ei ulukke?

Vi møter Susan i senga på sjukehuset. Kvifor ligg ho der? Forteljaren held tilbake mykje informasjon om kva som har skjedd med Susan, og motivasjonen for å få ei forklaring på sjukehusopphaldet driv lesaren vidare i forteljinga. Gradvis vert historia om henne rulla opp. Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og slik vert det ein samanheng mellom dei to romanane Zweet og Z for sorry. I Zweet var Susan ein av dei som mobba Lill Miriam, ei jente i klassa. Og vi får vite at Susan vart utestengd av den gamle veninnegjengen etter at ho snakka med rektor om mobbinga. Det er over eit år sidan, men framleis er ho ikkje tilgitt: «Vi snakkar ikkje med slike som deg», skriv ei av dei på sms. Dei som seier frå, kan sjølv verte utsette for mobbing.

Les meir

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger

Omsett til nynorsk av Brit Bildøen

Korleis kan ei bok handle om det mest alvorlege av det alvorlege, på same tid som ho er komisk og underfundig? Hest, hest, tiger, tiger er ei slik forteljing.

Honey bur saman med mor si og storesøster Mikala. Ho er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. På skulen prøver ho å vere venn med alle, men ho er sjeldan saman med nokon av klassekameratane på fritida. Og så er det pappa då, som ringjer og spør om ho vil ta ein kopp kakao i lag med han, men som helst vil låne pengar av henne. Pappa med dei store tatoveringane, som stadig vekk gjer litt for mykje av seg i sosiale samanhengar. Både han og Mikala kan rett og slett bli litt «altfor mykje» til tider. Dess meir plass dei tek, dess mindre vert Honey.

Les meir

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok. Om kroppen, kjensler og sex

verdas_viktigaste_bokEi bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg er interessert og vil bli saman med nokon?

Det er mange ting som er viktigast i verda. Å få vere seg sjølv. Å ha lov å forelske seg i den ein vil. Å kjenne seg bra og viktig. Å bestemme over sin eigen kropp. Ein annan viktig ting er å finne ut korleis ting fungerer.

Les meir