Kategoriarkiv: ungdomsbøker

Sumaya Jirde Ali: Ikkje ver redd sånne som meg

Sumaya Jirde Ali er fødd i 1997 og er norsksomaliar, muslim, kvinne og bodøværing. Dette er utgangspunktet hennar for dele historia si med oss.

Ho fortel om korleis det var å komme til Noreg som femåring, og korleis det var å begynne på skolen. Ho seier ho var naiv som trudde ho var som alle andre. I fjerde klasse begynte ho med hijab, sjølv om mora hennar meinte ho var for ung. Då starta vanskane med ein gut i klassen som stadig reiv denne av ho.

Les meir

Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida

Kor mange historier må eg samle før det er nok? Kor mange vitnemål må eg komme med før det held? Før folk er overtydde?

Eg er heile tida var på at det aldri har vore betre å vere skeiv brun kvinne i Skandinavia enn det er akkurat no.

Eg veit det. Kor takksam burde eg vere?

Eg er redd vi går bakover. Eg synest det går for sakte framover.

Camara Lundestad Joof er fødd i Bodø og vaksen opp i Sandefjord. Mor hennar er frå Mosjøen. Camara er norsk. Då ho var lita selde ho små figurar ho hadde laga, på gata i lag med ei venninne. Overskotet gjekk til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie. Ho er ein del av ein familie som har ein nordlandsbunad for barn som går på omgang i slekta.

Les meir

Laura Djupvik: Den andre søstera

Saman med mamma og storesøster Ida flyttar Selma, snart 15 år, til det gamle, litt falleferdige  huset mamma har arva. Dei andre husa er nyare og med velstelte hagar. Deira hus ligg i ei skråning ned mot ein dal. På Selma sitt rom står vindauget ope, og ho høyrer lydar frå skapet. Selma opplever at skapet er fullt av kjolar, men mamma ser dei ikkje. Selma tenker at ho ikkje må fortelje om det ho ser og opplever. Mamma har vakse opp i dette huset, men ho har aldri fortalt om det som hende der.

Les meir

Anders Totland: Nedteljing

Totland viser oss med Nedteljing nok ein gong ein høgst aktuell, men vond og vanskeleg tematikk. Viggo som er hovudpersonen, blir utsett for utpressing etter å ha vist seg naken overfor ei jente på nettet. Om han ikkje betaler ein høg sum, vil videoen bli vist til alle han kjenner. Korleis skal han kome seg ut av denne klemma?

Les meir

Øystein Runde: Berserk

I 2009 kom Øystein Runde med teikneserien Soga om Olav Sleggja, og etter ni års venting kjem no endeleg bok to i serien. Denne gongen byrjar soga med at Olav Sleggja går i land, hardt skadd, med eit spedbarn på skuldrene og med tarmane halvvegs hengande ut frå eit ope sår i magen. «Denne dagen vert lang. Eller kort», slår han fast på lakonisk vis. Deretter vandrar han rett inn i ein konflikt mellom tre ulike gjengar av berserkar, ein konflikt som kjem til å få eit blodig utfall.

På same vis som i den fyrste boka kan Berserk by på ein fin kombinasjon av ekstremvald, poesi, skandinavisk soge, norrøn mytologi og referansar til alt frå manga til barnebøker. Og boka gjev oss lesarar eit rikt råmateriale til å filosofera over ting som religion, vitskap, menneskeverd og andre store spørsmål. Men mest av alt er det her ei drivande god og spanande forteljing, breiddfull av slagkraftige replikkar.

Anita Stokke Blomvik: Kvardagsmat

Kvardagsmat inneheld oppskrifter frå matbloggen kvardagsmat.no og eignar seg svært godt både for røynde og ikkje-røynde kokkar. Blomvik vender seg til familiar i tidsklemma og fortel si eiga historie om å gå frå posemat til å bruke ferske råvarer. Ho fortel at det ikkje alltid tek meir tid å lage mat frå botnen av, og at det handlar mykje om vanen. Gode vanar startar gjerne tidleg: Kokeboka inneheld mange oppskrifter som med fordel kan brukast på skulekjøkenet eller på studenthybelen.

Les meir

Lars Mæhle: Andromeda

Simon sin strategi er å oppføre seg som ein dritsekk. Nå er han 16 år og har nettopp flytta til den tredje fosterfamilien sin. Han har hamna i bråk og slåstkamp mange gonger, og han meiner slåstinga gjer han godt. Han har bestemt seg for å halde den harde maska når han skal begynne i ein ny klasse. Dette er opptakten til ei veldig spennande forteljing, der hendingane går på livet laus.

På førehand har Simon blitt åtvara mot tre av gutane i klassen, og han oppdagar snart at det er Sindre som er sjefen, og at han har to hjelparar, William og Samuel. Han får også lett auge på mobbeofferet, Pippin, ein liten, spe gut med langt, lyst hår. Simon tenker: «Eg trudde eg hadde full kontroll. Det skulle raskt vise seg at det var langt frå sanninga.» Han veit ikkje korleis han skal takle det å ha møtt overmennene sine, og han veit heller ikkje korleis han skal oppføre seg overfor Kaja. Ho er ei spesiell jente, og ho kjem på besøk til Simon. På rommet sitt har Simon ein stjerne­kikkert, og Kaja veit mykje om himmelrommet. Dei kyssar.

Les meir

Anders Totland: Den norske slavehandelen

Illustrert av Kristian Krogh-Sørensen

Den dansk-norske medverknaden er ofte underkommunisert når norske born skal læra om slavehandelen. I den nye faktaboka si gjev Anders Totland ei levande skildring av kvardagen til nordmennene som dreiv med slavehandel. Her får me møta alt frå sjømannen Ole Nicolaysen, som arbeidde og døydde under harde kår på slaveskipet Fredensborg, til norske guvernørar som dreiv slavefort på den afrikanske vestkysten. Totland skriv lett og levande, og innimellom får me faktaboksar som gjev ekstra informasjon om dei ulike emna.

Boka avsluttar med å syna at slavehandel, jamvel om det no er i andre former, framleis er noko som føregår. I siste kapittelet får me nemleg fylgja Irena, som vart halden som slave og tvungen til prostitusjon i Oslo i to år før ho greidde å rømma attende til Litauen.
Les meir

Überrevolusjon

Kvar oppstår ein revolusjon? Kva utløyser ein revolusjon? Er det undertrykking eller mangel på mat? Båe delar, eller ei anna årsak? ÜberRevolusjon er den fjortande Über-antologien sidan byrjinga i 2012. Til antologien har sju norske teikneserieskaparar laga sine historier om revolusjon. Alt frå duer som vil ha brød, til klovnar som ikkje får lov til å le. Alle dei sju seriane er på nynorsk.

Bidragsytarar: Regine Holst, Victoria Hamre, Vinter, Trine Normann, Kristoffer Lindseth, Are Edvardsen og Jey Levang.

Asbjørn Rydland: Draumsende

Asbjørn Rydland er no ute med Draumsende, andre bok i fantasy-serien Vegandi. Bok nummer ein, Galderstjerna, vart vinnaren då norske ungdomar i 2017 skulle kåra den beste ungdomsboka, og Draumsende er minst like god som fyrsteboka. Tempoet er høgt, språket er godt, handlinga er spanande og du veit aldri kva som kjem kring neste sving.

Eirik, Khalid og Maria freistar finna ut meir om bakgrunnen for hendingane i fyrsteboka, men støyter på nye spørsmål og problem som gjer at dei endå ein gong må reisa til Ingenmannsland. Der får dei læra meir om vegandi, galdrar og kampen mot anzilane. Men kven var det eigenleg som gav krefter til Eirik? Og kvifor får han brått brutale syn og draumar? Kan andre vegandi lita på han? Og kva hender når anzilane allierer seg med ei gruppe brutale nynazistar?