Kategoriarkiv: biletbøker

Du kan òg sjå ei liste med biletbøker i gratis nettutgåve.

Kari Stai: Jakob og Neikob og tidsmaskinen

I den sjuande og siste boka om Jakob og Neikob er temaet tid. Etter å ha vakna ein morgon der dei plutseleg har fått skjegg og bart, innser dei to venene at dei må ha sove veldig lenge. 10 år! Dei som skulle sova slik at tida gjekk fortare. Men kvar er tida blitt av … Er det Tjuven som har vore på ferde?  Neikob vert stressa. Kanskje dei kan kjøpe tid? 

– Hei, Somblekob, har du tid?
– Eg har all verdas tid, svarer Somblekob.
– JA, da vil vi kjøpe ho. 

Venene oppdagar fort at dette ikkje er så enkelt. Dei prøver å reise med ei tidsmaskin, men det viser seg å vera ganske så utfordrande. Korleis skal dette ende?  Les meir

Ida Eva Neverdahl: Sjå på Bård!

I boka Sjå på Bård! møter vi Amika, som elskar å vere ute. No har han fått eit nytt rullebrett som han gler seg til å prøve. Akkurat i det han skal til å springe ut døra, står mora hans der og minner han på at det er hans ansvar å gå på tur med hunden, som heiter Bård. Å gå tur med hunden er noko av det kjedelegaste Amika veit. Han veit likevel at han må gjere det, og tek rullebrettet under eine armen og held bandet til Bård i den andre.

På lufteturen passerer dei skatebana, og Amika klarer ikkje motstå freistinga. Han berre prøve brettet! «Vent her, Bård!» seier Amika til Bård medan han spring for å teste brettet på vegen. Amika prøver og prøver, men det er for vanskeleg. Til slutt gidd han ikkje meir og går tilbake til staden der han gjekk ifrå Bård. Då oppdagar Amika at Bård ikkje er der! Han er borte! Kvar kan han ha teke vegen? Alle moglege tankar fyk gjennom hovudet til Amika, og han ser for seg at Bård har rømt, eller gått seg vill i skogen, blitt teken av romvesen, eller at han har fått seg ein ny familie. Då høyrer han brått ein lyd! Det er jubel og glade rop, og det kjem frå skatebana. Amika spring bort til skatebana, og der får han seg ei skikkeleg overrasking.  Les meir

Ida Eva Neverdahl: Skatehunden

Bård er ikkje som andre hundar, for Bård er kjempeflink til å skate. Amika og Bård er ofte ute og triksar på rullebretta sine, og ein dag møter dei ei dame. Dama kjenner att Bård, og spør om han vil vere med i ein skate-konkurranse for hundar som skal vere om ei veke.

Det har Bård kjempelyst til, og sidan Bård har lært seg eit nytt triks, vil det vere supert for han å vise det fram i konkurransen. Men på konkurransedagen kjenner Amika at han blir veldig nervøs. Bård, derimot, er roleg. Det er mange hundar som skal vere med i konkurransen, og alle hundane er forskjellige. Den store premien i konkurransen er ei diger bøtte full av kjøtbein! For dei aller fleste hundar ville dette vore ein skikkeleg flott premie, men ikkje for Bård. For Bård liker ikkje kjøtbein. Han vil heller ha banan. Så korleis skal dette gå?   Les meir

Arnt Birkedal og Inger Lise Belsvik: Sennepsfrø, natt til idrettsdag

Idrettsdag. Ein dag som mange gler seg til, men også mange gruar seg til. Alvhild Aske er ei av dei som gruar seg. Ho gruar seg til både liten og stor ball. Kan dei ikkje snakke om draumar på skulen i staden for?

«Det står på alle vekeplanar at no, midt i denne veka, blir det halde idrettsdag att. Viss vêret held. Og det gjer det jo, alt tyder å det.»

Les meir

Line Dybedal og Line Renslebråten: Eit hjarte til jul

Mamma til Nora ligg på sjukehuset og ventar. Ho må få eit nytt hjarte for å bli frisk og igjen kunne løfte og svinge rundt på Nora. I tillegg er det snart jul. Pappa og farmor prøver å gjere vanlege og kjekke ting i lag med Nora, slik at ikkje alt skal vere så rart og annleis i år. Likevel er det mykje å tenkje på medan dei ventar på telefonen frå sjukehuset om at eit nytt hjarte er på veg. Kva om mamma sine kjensler for Nora sit i hjartet? Kva skjer då når ho får eit nytt eitt?

Les meir

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben 4: Julemysteriet

Julemysteriet er den fjerde boka i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå der tre gode vener løyser mystiske miljøsaker.  

Det nærmar seg julemarknad, og Vanja og faren har fått i oppdrag å skaffe julegrana som skal stå på torget. Saman har dei hogge den høgste og finaste julegrana i skogen. Aldri har det stått ei finare julegran på torget, og Vanja gler seg til å vise ho fram til venene Mo og Sivert. På julemarknaden er det mykje kjekt å sjå på i dei mange spennande buene, men høgdepunktet er likevel at nissen skal kome, og at julegrana skal tennast. Julegrana frå Vanja sin skog. Men på ein augneblink vert idyllen på julemarknaden snudd til kaos. Nokon har øydelagt julegrana! Den høge, fine grana ligg på bakken, oppdelt i mange bitar. Kven er det som har gjort dette? I tillegg er det noko rart med nissen. Kvifor har han ikkje reinsdyr med seg slik han brukar, og kvifor seier han ikkje at ungane må syngje før han deler ut gåver? Det er noko som ikkje stemmer! Vanja, Sivert og Mo er straks på saka, og saman følgjer dei spor i snøen, snakkar med ordføraren og legg ut på skitur for å kome seg opp til garden til Johannes Lia den einaste i bygda som har reinsdyr. Er det klimaendringar som gjer at reinsdyra ikkje dukka opp på torget? Og er det ein samanheng mellom den øydelagde grana og den merkelege nissen, eller er dette to ulike saker?  Les meir

Lena og Olof Landströ: Bø og Bæ og stakkars Bo

Bø og bæ skal sykle til venen sin, Bo. Han har fått ny sykkel, med tre gir og handbrems. Men Bo er blitt forkjølt og får ikkje lov til å gå ut. Venene vil gjera han glad, så dei syklar til butikken for å kjøpe noko til han. Bø og Bæ har ingen pengar. Etter eit fall på sykkelen får dei etter alt hell litt pengar som trøyst, og dei syklar av stad til butikken. Det er vanskeleg å veta kva ein skal kjøpe. Bø og Bæ kjøper tre par solbriller; eit par til kvar av dei. Blå, rosa og gul. Bo vert glad for gåva, og kanskje er det ikkje så synd på han likevel …?  Les meir

Marianne Gretteberg Engedal: Polititjuven

Dette er den andre boka om Kjell og bestevenen Pølse-Per. Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, likte så dårleg å vere tjuv at han slutta med det i den første boka. I Polititjuven får vi likevel sjå at eit dårleg rykte ikkje er så lett å bli kvitt. Ein politifamilie flyttar til byen, og politijenta Perit startar i klassen til Kjell og Pølse-Per. Då klassen skal på overnattingstur i skogen, sit Pølse-Per og Perit saman, og han vil gjerne at ho skal bli kjent med Kjell. Det er berre eitt problem. Politijenta Perit ser med ein gong tjuvemaska til Kjell, og skjønar at han er tjuv!

– Er det han du prata om, Pølse-Per? Du sa ikkje at han er ein tjuv.
– Eg er ikkje ein tjuv …
– Kvifor har du tjuvemaske då?
– Den går berre ikkje bort …

Les meir

Tetiana Kosovska: I skogen

I skrivande stund er det april, og medan snøen ligg tjukk somme stader i landet, har vårsola vekt både blomstrar og biller andre stader. Då er det spennande å lette på steinar og sjå under gammalt lauv, og kanskje er det liv i maurtua att? I skogen er ei vrimlebok med handteikna, detaljrike illustrasjonar. Her er det mykje å snakke om på kvart oppslag. Figurane går att fleire stader, og det gjer at lesaren blir kjend med dei. Vi får sjå morosame møte og dikte fantasifulle forteljingar sjølv, sidan boka er heilt utan tekst. Boka har kartongblad og passar like godt i tursekken som i lesekroken i barnehagen.
Les meir