Kategoriarkiv: dikt

Jan-Magnus Bruheim: Trollguten og andre dikt

Jan-Magnus Bruheim var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for born. Trollguten er ei samling barnedikt utgjeven i samarbeid mellom Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Dikta er frå 1956–1986 og spenner vidt tematisk. Her er dikt om det å vere barn, om dyr og natur, om troll og skrømt og mykje meir.

Jens Kristensen har illustrert samlinga med ei rekkje draumeaktige, vakre og fantasifulle teikningar som gjer dikta fine å lese og undre seg over saman med born i barnehagen eller skulen. Les dikta som dei står og utforsk nye (gamle) ord og formuleringar i lag etterpå.

Kjersti Wøien Håland: Kom og hent meg

«Kva ventar dei på? Grasstråa som står i giv akt. Ein ordre frå løvetannobersten, eit dytt frå røter, ein grasklipper som kan halshogge dei?». Desse orda slår an tonen og tematikken i dikta i samlinga Kom og hent meg. Her er det korte dikt på kvar side, mange av dei med ein humoristisk undertone. Dette er dikt som kan fenge ungdommar og vaksne, og som kan gje oss noko å tenke på.

Les meir

Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

Diktet glid stille som ormen sin veg.
Ser skyer over åsen,
merkar dyra sine hi.
Veit reven sin sti over berget.

(Utdrag frå diktet «Det vi kanskje ikkje ser»)

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.

Les meir

Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Nissedikt 1

Julekveld.
Snøen fell.
Mellom tre
tassar det.
Stemme-bulder,
sekk på skulder.
Nissefar
og veslekar
går frå gard til gard.

Når sola kjem dettande inn er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene for born av Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004). Nina Goga har skrive etterordet i denne samleutgåva.

Les meir

Kjartan Hatløy: Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

«Alt som unge lurte eg på kva det tyder, dette ordet:
er».

Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu (2016) av Kjartan Hatløy er ei diktsamling som er nominert til Ungdommens kritikarpris. Ungdommens kritikarpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.

I den prosalyriske diktsamlinga møter vi eit søkande eg, som lever i landlege omgjevnader i det same huset som foreldra hans budde. Han bur åleine, er ein ungkar på mellom seksti og sytti år, men er ikkje einsam, for han les mykje, grublar og sansar aktivt livet. Og sjølv om foreldra er døde, slår han enkelt fast at «Framleis har dei vekt».
Les meir

Ruth Lillegraven: Sigd

SigdSigd er ein poetisk biografi med handlinga lagd til siste halvdelen av 1800-talet. Biografien har fire delar, og handlar i hovudsak om odelsguten Endre. Endre har ei lyrisk forteljarstemme som viser seg i naturbilda som skildrar familie og gardsliv: «Mor mi er smeltesol og smørblom / far er gammalgran og sveveørn». Han lever eit tradisjonelt liv som odelsgut, og vert buande heime på garden saman med foreldra, medan syskena flyttar til Amerika eller giftar seg. Les meir

Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er

EgeregeregerKjærleik, sakn, utfordingar, meistring, sorg, glede, kvardag og ferie. I diktsamlinga Eg er eg er eg er, den fyrste diktboka hennar for born, skriv Ruth Lillegraven godt om store og viktige emne i livet til dei unge lesarane. Dikta er organiserte etter årstidene, og kvar bolk opnar med ein flott illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Hovudmålgruppa for dikta er born i alderen 9–12 år, men både forma og innhaldet er slik at dei kan fungera for andre aldrar òg. Sjuåringen heime vart til dømes djupt fascinert av fleire av dikta. Les meir