Kategoriarkiv: dikt

Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss

Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Mangschou Forlag

Sov søt, herr Spiss er fagbok og biletbok i eitt. Temaet er søvn, og lesaren får vite korleis og kvifor dyr og menneske søv. Erna Osland har skrive ein serie prislønte fagbøker om dyr dei siste åra, og alle har, som denne, teke utgangspunkt i eit tema: mat i Skarpe tenner, foreldre og barn i Fint å ha far, og vennskap i Dyrebare venner. Den nye boka skil seg frå dei føregåande tre ved at målgruppa er yngre, og ved at ho har ei tydeleg todeling av teksten i ein skjønnlitterær del på vers, og ein faglitterær prosadel. Som vanleg skapar Erna Osland engasjement og interesse med ein engasjert og utforskande tekst.
Les meir

Olav H. Hauge og Inger Lise Belsvik: Når tussalusi kviskrar

ISBN: 9788252186253

Utgjevar: Det Norske Samlaget

Eit utval av Olav H. Hauges dikt, illustrert av Inger Lise Belsvik Når tussalusi kviskrar er både ei høgtlesingsbok for dei minste og ei biletbok som dei større kan studere på eiga hand. I denne poetiske og vakre biletboka møter vi tordivelen, piggsvinet, regnbogane, dei sju vindane og mange andre.

Mary Bente Bringslid: Hunden parabol tenkjer på månen

Hunden parabol tenkjer på månen«Det er ingen sjølvsagt ting at eit lite språk i eit lite land satsar så stort på barnelyrikk som ein har gjort innanfor den nynorske tradisjonen. Men det har ein altså gjort, og det er oppsiktsvekkjande både i nasjonal og internasjonal samanheng,» seier barnebokforskaren Ingeborg Mjør.

Dette er den andre diktsamlinga for born av Mary Bente Bringslid. Nett som dikta i debutboka Dei blå revane, set dikta i Hunden parabol tenkjer på månen fantasien i sving.
Les meir

Mary Bente Bringslid: Dei blå revane

Dei blå revaneIllustrasjon: Inger Lise Belsvik

«Minst ein gong om dagen bør vi høyra ein liten song, lesa eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg – seia eit par fornuftige ord.» Dette høyrest kan hende ut som mottoet for ein moderne leseaksjon eller kunnskapsløft, men det er eit fleire hundre år gamalt visdomsord av Johann von Goethe.

Gode dikt for born finst det mange av, om ein leitar i den moderne, nynorske barnebokhylla. Mary Bente Bringslid brakdebuterte med denne samlinga i 2003, som ho fekk kulturdepartementet sin debutantpris for.
Les meir

Oskar Stein Bjørlykke: Hoppe i havet – Dikt for barn

Hoppe i havetDu berre
du berre såg på meg
du visste med ein gong
kva eg ville ha 

eg visste det nesten
ikkje sjølv ein gong 

men du berre rette
fram handa den gongen

og sa: her er eg 

Oskar Stein Bjørlykke viser endå ein gong korleis han greier å gå inn i barnetankar og -sansingar. Språket er enkelt, som hos eit barn, men kjenslene er store og viktige, som i eit ope barnesinn. Hoppe i havet handlar om dei små tinga, og dei store. Dei store tinga i dei små. Les meir

Halldis Moren Vesaas, Tarjei Vesaas og Inger Lise Belsvik: Eg sette brillene på min katt

eg sette brillene på min kattVakker biletbok for førskule-og småskuleungar med enkle, barnenære dikt av "diktarapparatet Vesaas" (som ein barnemunn ein gong las då det stod "diktarparet Vesaas").

Dei fleste av dikta vart opphavleg skrivne på bestilling til bruk i lesebøker, medan ein del av Tarjei Vesaas' dikt er tekne frå hans vanlege diktsamlingar for vaksne – i den gode tru at dei kan lesast med utbyte både for og av barn. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik har som spesiale å illustrere dikt – ho meistrar den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ei vakker familiebok, som ønskjer små og store velkomne inn i diktet. Boka var med på å markere 100-årsjubileet for Halldis Moren Vesaas i 2007.

Eva Jensen og Gry Moursund: Tre høns på plenen og fire egg

Tre høns på plenen og fire eggEi frodig og fargesprakande biletbok om tal for dei nyfikne og teljeglade frå 3-4 til 6-7 år.

Eva Jensen har skrive fine dikt og små forteljingar der tala frå 1 til 12 er sentrale, og illustratøren Gry Moursund har sett teksten i scene med teikningar som glitrar av leikelyst og fantasi, og tek vare på både humoren og poesien. Fargane er vakre og særmerkte. Ei bok til læring, undring og glede både i sofakroken og i klasserommet, og ein leikande introduksjon til den spennande talverda.

Eva Jensen og Inger Lise Belsvik: Alle i Alta kan

Alle i Alta kanEva Jensen fortel at ho lenge hadde hatt lyst til å skrive ein poetisk ABC for barn. Ho var inspirert av mellom anna Olav H. Hauges ABC. Boka med alfabetdikt kom i 2000 og er illustrert av Inger Lise Belsvik. Her er diktet til bokstaven A:

Alle i Alta kan
alle i Alabama kan
alle i Alaska kan
alle i Asia kan

men apa kan ikkje
og anda kan ikkje
og anakondaen kan ikkje
og ansjosen kan ikkje

Kan ikkje kva? Lære alfabetet, vel!

Etter kvart fekk Jensen idear til to nye biletbøker, slik at det vart ein trilogi. «Skulestarttrilogien» vert han gjerne kalla. Først kom Tre høns på plenen og fire egg. Denne boka er illustrert av Gry Moursund, vart nominert til kritikarprisen for 2002 og er omsett og seld til fleire land både i Europa og i Asia. Boka byr på ein spennande og frodig introduksjon til tala si verd, illustrasjonane er fargesprakande og fulle av overskot. Gry Moursund har også illustrert den tredje boka, som kom i 2004, Alt kan begynne med kvitt. Dette er tre unike fagbøker for småskuletrinnet, og bør finnast i alle skulebibliotek!

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Alle i Alta kan