Kategoriarkiv: eventyr

Ut på eventyr – 13 + 1 eventyr som er snudd og vridd litt på

Helene Uri (red.) og Victoria H. Hamre (illustrasjonar)

Eit utval kjente norske forfattarar har i samarbeid med Plan International Norge og Papermoon Publishing skrive nye eventyr baserte på tradisjonelle eventyr. Her tek ein opp arven etter dei tradisjonelle eventyra og justerer dei for likeverd, til samtida og framtida. Føremålet er at born skal vekse opp og vite at dei er gode nok, og at dei har jamstilte moglegheiter. Dette skal sjølvsagt gjelde born frå alle stader i verda.

Les meir

Erna Osland: Gullfalken. Ni nye eventyr

gullfalkenOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Gullfalken – tverrfagleg opplegg i norsk og musikk for 5.–7. trinnet.

Gullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland er ei samling med ni tidlause forteljingar frå heile verda. Dyr og element frå naturen utgjer bakteppe i historiene, og heltane er barn og ungdomar som ved hjelp av vennskap og omsorg kjem sigrande ut av konfliktane som oppstår.

Boka er full av farlege og spanande hendingar der både liv og helse blir sett på prøve. Namna på figurane, omgjevnadane, illustrasjonane og fargebruken gir ei noko framand og eksotisk stemning.

Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Barnas store eventyrbok – tverrfagleg opplegg for 5.–7., med vekt på norskfaget.

Endeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir

Benjamin Lacombe, Jacob og Wilhelm Grimm: Snøkvit

SnøkvitSnøkvit sett gjennom Benjamin Lacombes auge vekkjer ein dyster og vakker følelse i lesaren. Teksten er ofte barns første møte med kva sjalusiens vondskap kan få vaksne til å gjere. Dei fantastiske illustrasjonane forsterker følelsane og kan gje varige minne. Eventyret er til alle tider blitt brukt til å forklare vondskapens djupaste grunn, og kva den gjer med oss. Ei viktig påminning for vaksne, ei viktig forteljing for barn.

Christina Björk og Eva Eriksson: Prinsesser og drakar

Prinsesser og drakarFrå 3 år og oppover

Frå svensk ved Marit Kaldhol

I denne boka møter vi bestemte prinsesser i nye «prinsesseroller». Om de kjenner eventyr om drakar og prinsesser der draken vil røve prinsessa og ha henne i hola si, må de lese denne boka. Her er alt snudd på hovudet. Her har nemleg prinsessene kontroll på drakane. Her møter vi til dømes prinsesse Onetta som vil lære å sprute eld, og prinsesse Torinda som tek den mørkredde draken med ned i den mørke slottskjellaren.

Les meir

Eventyrboka

eventyrbokaSkald forlag
Illustrert av Gunvor Rasmussen

«Første fabel om Opus» handlar om ein liten aurom, ein gul kvapse, ein diger muggedàs og ein heil flokk med fabbepiltar. Alle har gløymt korleis dei skal seie takk. Folkeskikken no til dags er ikkje som han var. Eller? Eventyrboka inneheld nye nynorske eventyr frå 19 forfattarar. Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode!

– I Skald forlag fordeler vi prosjekta ut frå kva bøker vi verkeleg brenn for og kven som har mest engasjement for ei utgjeving. På den måten vert nesten alle bøkene våre «hjartebarn», og Eventyrboka er mitt, smiler redaktør Simone Stibbe. – Vi satsar stort på det visuelle. Gunvor Rasmussen har teikna eventyr i heile sommar! I tillegg er vi svært opptekne av korleis det kjennest å ha boka i handa. Vi ville at det skulle vere godt å halde i denne boka, så vi har vore nøye med val av materiale.
Les meir

Fosse og Torseter: Spelejenta

SpelejentaTekst: Jon Fosse
Illustrasjon: Øyvind Torseter
Det Norske Samlaget

I nokre av Noregs vakraste biletbøker finn du illustrasjonane til Øyvind Torseter. Den eine av dei bøkene som kom hausten 2009 var Spelejenta, den nyaste barneboka til Jon Fosse.

Torseter bruker collageteknikk og enkle strekar, samstundes som detaljane er mange. Fargebruken er særs gjennomført og gjennomtenkt. I Spelejenta følgjer vi ei jente som drar ut for å redde far sin – han har forlist på ein holme i havet – og fargane er mørke og dystre fram til det lysegrøne, håpefulle oppslaget der far og dotter kjem seg velberga heimover.
Les meir