Ho sa ho var dronning, men dei trudde ikkje på ho. Skotsk-norske dronning Margrete døydde i 1289, berre sju år gamal. Ti år seinare dukka det opp ei kvinne med grått hår som påstod at ho var dronning Margrete og at ho hadde vore bortført. Mange trudde det var sant, men ikkje biskopen og styremaktene. Ho vart brend på bålet i 1301, som den første kvinna me veit om her i landet.
Dei dødsdømde fortel også historia om tenestejenta Sofie Johannesdotter. Først drap ho ei anna tenestejente med gift i teen. Tre år seinare forgifta ho husfrua, og året etter drap ho husbonden. Året etter prøvde ho på det same igjen, men offeret overlevde. No var mistanken så sterk at lika vart gravne opp att, og dei hadde framleis arsenikk i kroppen. 37 år gamle Sofie Johannesdotter vart halshogd i 1876, og ho er den siste kvinna i Noreg som vart avretta. Les meir