Kategoriarkiv: faktabøker og sakprosa

Sumaya Jirde Ali: Ikkje ver redd sånne som meg

Sumaya Jirde Ali er fødd i 1997 og er norsksomaliar, muslim, kvinne og bodøværing. Dette er utgangspunktet hennar for dele historia si med oss.

Ho fortel om korleis det var å komme til Noreg som femåring, og korleis det var å begynne på skolen. Ho seier ho var naiv som trudde ho var som alle andre. I fjerde klasse begynte ho med hijab, sjølv om mora hennar meinte ho var for ung. Då starta vanskane med ein gut i klassen som stadig reiv denne av ho.

Les meir

Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida

Kor mange historier må eg samle før det er nok? Kor mange vitnemål må eg komme med før det held? Før folk er overtydde?

Eg er heile tida var på at det aldri har vore betre å vere skeiv brun kvinne i Skandinavia enn det er akkurat no.

Eg veit det. Kor takksam burde eg vere?

Eg er redd vi går bakover. Eg synest det går for sakte framover.

Camara Lundestad Joof er fødd i Bodø og vaksen opp i Sandefjord. Mor hennar er frå Mosjøen. Camara er norsk. Då ho var lita selde ho små figurar ho hadde laga, på gata i lag med ei venninne. Overskotet gjekk til svoltne barn i Afrika og Noregs skihåp Bjørn Dæhlie. Ho er ein del av ein familie som har ein nordlandsbunad for barn som går på omgang i slekta.

Les meir

Anita Stokke Blomvik: Kvardagsmat

Kvardagsmat inneheld oppskrifter frå matbloggen kvardagsmat.no og eignar seg svært godt både for røynde og ikkje-røynde kokkar. Blomvik vender seg til familiar i tidsklemma og fortel si eiga historie om å gå frå posemat til å bruke ferske råvarer. Ho fortel at det ikkje alltid tek meir tid å lage mat frå botnen av, og at det handlar mykje om vanen. Gode vanar startar gjerne tidleg: Kokeboka inneheld mange oppskrifter som med fordel kan brukast på skulekjøkenet eller på studenthybelen.

Les meir

Kurt Rutledal: Alfred Bamse bæsjar

Kurt Rutledal har skrive fire bøker om Alfred Bamse og om det dei to finn ut i lag. Denne boka handlar om det som skjer i fordøyelsen, det som hamnar i do, og ferda vidare til septiktanken, septikbilen, reinseanlegget og vidare.

Alfred Bamse er skikkeleg nysgjerring på kvar det blir av det som vi spyler ned i do, og går forskingsmessig til verks for å finne det ut. Saman med Kurt reiser han rundt til eit anlegg som gjer kloakken om til hygienisert organisk kompost. Dei fer også til eit stort reinseanlegg i Bergen som lagar gjødsel til kornåkrar og til å plante plen og busker i. I tillegg får vi lære om biogass som driv bussar og ymse ting i industrien.

Les meir

Anders Totland: Den norske slavehandelen

Illustrert av Kristian Krogh-Sørensen

Den dansk-norske medverknaden er ofte underkommunisert når norske born skal læra om slavehandelen. I den nye faktaboka si gjev Anders Totland ei levande skildring av kvardagen til nordmennene som dreiv med slavehandel. Her får me møta alt frå sjømannen Ole Nicolaysen, som arbeidde og døydde under harde kår på slaveskipet Fredensborg, til norske guvernørar som dreiv slavefort på den afrikanske vestkysten. Totland skriv lett og levande, og innimellom får me faktaboksar som gjev ekstra informasjon om dei ulike emna.

Boka avsluttar med å syna at slavehandel, jamvel om det no er i andre former, framleis er noko som føregår. I siste kapittelet får me nemleg fylgja Irena, som vart halden som slave og tvungen til prostitusjon i Oslo i to år før ho greidde å rømma attende til Litauen.
Les meir

Visste du at …?

Tre nye faktabøker om husdyr er klare, denne gongen om kua, sauen og grisen. Kvar bok har femten oppslag med ei «visste du at»-setning og ein illustrasjon som støttar teksten. Illustratør Anna Fiske har ein særeigen strek og spelar på humor i teikningane sine. Visste du forresten at grisen kan få 16 ungar om gongen? Eller at sauen ikkje likar å vere åleine? Eller kva med kua, visste du at ho drikk 130 liter vatn i døgnet?

Visste du at …?-serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Terje Torkildsen: Humorboka

Kva er eigentleg humor? Kva gjer at noko er morosamt? I denne faktaboka tek forfattar og komikar Terje Torkildsen føre seg slike spørsmål. Han ser på humorsjangrar og verkemiddel som ironi, overdriving og metaforar. Og ikkje minst: Korleis humor balanserer på grensene mellom det kjende og det uventa. Boka gjev ei fin innføring i humor, og illustrasjonar og teikneseriar av Sindre Goksøyr er med på å illustrera poenga på ein morosam måte.

Susie Hodge: Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?

Kvar får kunstnarane ideane sine frå?
Kan du vise følelsar i bilete?
Kvifor er noko av kunsten så rar?

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? & andre viktige spørsmål om kunst introduserer barn og unge for kunsthistorie med eit format godt tilpassa målgruppa. Boka har korte tekstsekvensar der innhaldet er eksemplifisert gjennom bilete, faktainnslag, utheva skrift, varierande fontar og eit dynamisk uttrykk. Fleire stadar peikar teksten bakover eller framover, og guidar lesaren gjennom boka med innslag som «Kven andre måla fleire synsvinklar på ein gong? Gå til side 60». Teksten engasjerer lesaren gjennom bruk av spørsmål og oppmodar til refleksjon og drøfting av innhaldet i kunsten.

Les meir

Finn Tokvam: Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete

Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete er biografien om Leif Einar Lothe – eller som dei fleste kjenner han: Lothepus.

Lothepus sine forteljingar frå barndomen, om utdanning, arbeidsliv og andre eventyr er førte i pennen av Finn Tokvam. Boka vitnar om mange røvarhistorier og påfunn, men òg hendingar som snur livet på hovudet og som er avgjerande for framtidige val.

Les meir