Kategoriarkiv: fantastisk litteratur

Ida Kinden Jonassen: Abnormium

Athea og Gaute er kjærastar og har vore det i eit halvt år. Athea kan ikkje ha med nokon heim, fordi det er noko rart med mora, og ho må komme tidleg heim. Sebastian bur også i huset for å passe på. Kvar kveld må Athea låsast inne bak sju dører, fordi det er farar der ute ho må vernast mot. Dette forstår ikkje Athea noko av, det er jo ikkje ho som er problemet. Mora og Sebastian meiner ho må sendast bort, og mora køyrer ho til kostskolen Abnormium.

Les meir

Asbjørn Rydland: Draumsende

Asbjørn Rydland er no ute med Draumsende, andre bok i fantasy-serien Vegandi. Bok nummer ein, Galderstjerna, vart vinnaren då norske ungdomar i 2017 skulle kåra den beste ungdomsboka, og Draumsende er minst like god som fyrsteboka. Tempoet er høgt, språket er godt, handlinga er spanande og du veit aldri kva som kjem kring neste sving.

Eirik, Khalid og Maria freistar finna ut meir om bakgrunnen for hendingane i fyrsteboka, men støyter på nye spørsmål og problem som gjer at dei endå ein gong må reisa til Ingenmannsland. Der får dei læra meir om vegandi, galdrar og kampen mot anzilane. Men kven var det eigenleg som gav krefter til Eirik? Og kvifor får han brått brutale syn og draumar? Kan andre vegandi lita på han? Og kva hender når anzilane allierer seg med ei gruppe brutale nynazistar?

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Under

«I Zeijang-Volvo held vi kvarandre i hendene», seier direktørpresident Ingmor.

Det totalitære framtidssamfunnet Zeijang-Volvo er, bokstaveleg tala, bygt på restane av eit tidlegare samfunn som har gått under. Her møter me barneheimsjenta Ela, som arbeider som slave i produksjonshallane. Ho oppdagar etter kvart at regimet tek livet av folk, og ho set difor i gang eit opprør. Samstundes vert det klart for lesaren at Ela har noko som både styrarane og den mystiske undergrunnsrørsla er ute etter …

Forfattarane har greidd å skapa eit fascinerande, dystopisk science fiction-univers der språket, som er iblanda restar av svensk og kinesisk, gjev ekstra liv til verda som vert skildra.

Les meir

Mary Shelley: Frankenstein

frankenstein«Lær av meg, om ikkje frå formaningane mine så frå eksempelet mitt, kor farleg det kan vere å få kunnskap, og kor mykje lykkelegare han er som trur heimbyen hans er heile verda, enn han som strevar etter å bli mektigare enn karakteren hans vil tillate.»

Romanen Frankenstein er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og kom ut på Skald Forlag hausten 2016. Den er ein av fleire klassikarar som skal omsetjast til nynorsk på dette forlaget. I tillegg til Frankenstein er Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka (og omsett av Jon Fosse) komen ut, og i 2017 kjem to romanar: Robert Müsil: Tre kvinner og Gustave Flaubert: Madame Bovary, og novellesamlinga Dei døde av James Joyce. Det er viktig at ein får omsett sentrale verk frå verdslitteraturen til nynorsk, og denne serien står i ein sterk nynorsk omsetjartradisjon.

Les meir

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

galderstjernaOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 29–35)

Asbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.

Hovudpersonen Eirik er skuleelev og speler mykje dataspel med venene Khalid og Maria. Etter ein serie med merkelege hendingar vaknar han opp med eit runesymbol på brystet – same symbol som han finn i dataspelet han held på med. Før Eirik veit ordet av det, er han rota inn i store hendingar som involverer parallelle dimensjonar, vikingar, teknologi og magi … og gudar som ikkje ser med velvilje på ein tenåring som blandar seg inn i sakene deira.

Les meir

Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

Om noko skulle skjeIngrid, kjærasten til Reiner, døyr, og Reiner vert so sorgtyngd at han ikkje vil leva meir. So møter han Kapteinen, som tilbyr han å vera med på ei farefull ferd til underverda for å finna att Ingrid. Reiner tenkjer at han ikkje har noko å tapa, og han vert difor med. Underverda syner seg å vera ein mørk stad utan mobildekning – ein stad der folk hugsar mindre og mindre og ting fungerer dårlegare og dårlegare for kvar dag som går. Og innimellom kjem den store, svarte hunden og spreier frykt. Les meir

Asbjørn Rydland: Fredlaus

FredlausMed Fredlaus har Asbjørn Rydland skrive det femte og siste kapittelet i serien om Drakeguten. Hovudpersonen, Koll frå Kervad, har utvikla seg på mange vis gjennom dei fem bøkene. Han er no sterkare og meir vaksen, men med større kraft kjem òg større dilemma – og av og til kjem han opp i situasjonar der det vert gale, same kva han vel å gjera.

Smeddottera Faria speler òg ei viktig rolle i denne forteljinga, og nokre kapittel er skrivne frå hennar synsvinkel.

Rydland skriv godt, handlinga er spanande, fiksjonsuniverset han skildrar er stort, komplekst og levande, og heile serien høgst tilrådd.

Les meir

Terje Sander: Daudmannaland

DaudmannalandDaudmannaland er ikkje ei bok du les ut på ein kveld. Gjennom 640 sider fylgjer me heile nitten ulike personar over ein periode på tre døgn. Å lesa boka kjennest slik sett meir ut som å fylgja ein god serie enn som å sjå ein film. Handlinga går føre seg i ei dystopisk framtidsverd der Ordenen, under leiing av Vespertino Borgen III, herskar over ein by der himmelen er svart, klasseskilja er store og der giftstormar herjar med jamne mellomrom. Etter kvart som handlinga skrir fram og me vert kjende med byen, vil vakne lesarar truleg kjenna att spor etter det som i dag er Bergen. Slik sett er det ikkje rart at boka av nokre har vorte skildra som «Dune, dersom han hadde vore skriven av Amalie Skram!».
Les meir