Kategoriarkiv: forlagsomtale

Saker i denne kategorien er bokomtalar skrivne av forlaga.

Troll i ord

Troll i ord … eit ordtak som tyder at du skal vere varsam med kva du ønskjer deg, i tilfelle du får det. I denne boka får du åtte historier frå norske teikneserieskaparar som tolkar ordtaket fritt: Oliver Levang, Emily Sørensen, Vinter, Ørjan Aarvik, Viktoria Røisli, Lars Helgemo, Luis Guaragna og Ingar Krabbestig. Alle historiene er på nynorsk.

Det er ikkje heilt det du trur, og ikkje heilt det du ventar, men noko får du.

Les meir

Malin Eriksson og Ingrid Flygare: Den raude hansken

Stig vil bli like flink til å ri som Ellen. Men då må han øve, og det er ikkje så lett å øve på mamma sin store hest! Aller helst skulle Stig hatt ein ponni, akkurat slik som Ellen har.

Ein dag mistar Stig hansken sin. Ellen finn han, og dei byrjar å prate. Kanskje Ellen kan hjelpe Stig?

Den raude hansken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Überrevolusjon

Kvar oppstår ein revolusjon? Kva utløyser ein revolusjon? Er det undertrykking eller mangel på mat? Båe delar, eller ei anna årsak? ÜberRevolusjon er den fjortande Über-antologien sidan byrjinga i 2012. Til antologien har sju norske teikneserieskaparar laga sine historier om revolusjon. Alt frå duer som vil ha brød, til klovnar som ikkje får lov til å le. Alle dei sju seriane er på nynorsk.

Bidragsytarar: Regine Holst, Victoria Hamre, Vinter, Trine Normann, Kristoffer Lindseth, Are Edvardsen og Jey Levang.

Dan Höjer og Peter Demervall: Superrask, Supersmart og Supersterk

Frå svensk ved Ole Jan Borgund

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Har storleiken på hjernen noko å seie? Kva er det meste eit menneske har løfta?

Dei tre faktabøkene Superrask, Supersmart og Supersterk gjev lesarane morosame fakta om muskuløse folk, smarte dyr, raske menneske og mykje anna. Bøkene kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.

Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Utdrag frå bøkene: Les meir

Anna R. Folkestad: Krabbekrise

krabbekriseNy bok i serien om Besta og Bo!

Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil.

Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir