Kategoriarkiv: grøssarar

Laura Djupvik og Camilla Kuhn: Jenta i kista

Leseland, nivå tre

For over hundre år sidan budde det ein glad familie i eit stort og gammalt hus. Då var det leik og moro, inne og ute, høgt og lågt, dagen lang. No står huset tomt. Det har det gjort lenge. Det einaste som er att, er ei gammal kiste på loftet. Ingen orkar å bu i det gamle huset. Det kjennest kaldt og utriveleg, og av og til kan ein høyre bankelydar om natta. Ein dag blir kista opna …

Jenta i kista er ei tradisjonell spøkjelseshistorie for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Linn T. Sunne: Mareritt

Mareritt er den femte boka i Grøss og gru-serien. Her møter vi Mattias som går i niande klasse og Mia, søstera hans, som går i andre klasse. Dei har saman med mamma nettopp flytta til Smeby. Dei har ikkje budd der meir enn ei veke før Mattias vaknar av eit skrekkeleg mareritt, han høyrer ei jente som skrik.

Han står opp av senga og ser ut vindauget. Ved sida av dokkehuset ser han ei jente: «Ei ganske lita jente, med bustete hår. Det er som om ho gløder, som om det brenn i auga hennar.» Mattias skjønar med ein gong at denne jenta ikkje vil han vel, men det var då vel berre ein draum?

Les meir

A. Audhild Solberg: Den svartkledde jenta

Hanna er 16 år og kjæraste med Leo som er mykje eldre. Han hentar ho i bilen sin, og byr ho alkohol. Han spør om det er greitt at Hanna går heim sjølv etterpå, for han vil helst ikkje at nokon skal vite om at dei er saman. Hanna seier det er greitt, for ho vil ikkje innrømme kor mørkeredd ho er.

På vegen heim må ho passere den gamle prestegarden med den gamle dokkestua. Ho legg på sprang, og det er ei svartkledd jente som følgjer etter ho. På brua over elva begynner jenta å skrike, og like etterpå er ho borte. Bestevenen Jonas fortel at kusina hans, Bettina, har flytta inn i prestegarden saman med familien, og at ho er ei veldig spesiell jente. Då må det nok vere ho som har følgt etter Hanna.

Les meir

Lars Mæhle: Djevelen vil alltid finne deg

«Første gongen eg såg Regina Korp, var i skumringa ein kveld i april.» Slik startar denne spennande grøssaren, og det er Onu 15 år som fortel. Regina og familien har flytta inn i den gamle prestegarden, men det er noko svært underleg med dei. Dei går kledde i grøne, folkedraktliknande klede, og i tillegg er dei lite imøtekommande.

Les meir

Laura Djupvik: Den andre søstera

Saman med mamma og storesøster Ida flyttar Selma, snart 15 år, til det gamle, litt falleferdige  huset mamma har arva. Dei andre husa er nyare og med velstelte hagar. Deira hus ligg i ei skråning ned mot ein dal. På Selma sitt rom står vindauget ope, og ho høyrer lydar frå skapet. Selma opplever at skapet er fullt av kjolar, men mamma ser dei ikkje. Selma tenker at ho ikkje må fortelje om det ho ser og opplever. Mamma har vakse opp i dette huset, men ho har aldri fortalt om det som hende der.

Les meir

Ragnfrid Trohaug: Det spøker!

Leseland. Nivå 1.
Illustrert av Eivind Gulliksen

Henrik er på besøk hos Jon då han plutseleg høyrer ein skummel lyd. Kan det vere eit spøkjelse? Henrik får mest lyst til å gå heim, men så kjem far til Jon på ei løysing. Det spøker! er døme på lettlesbøker der ein får sagt alt som trengst, gjennom fortetta setningar og illustrasjonar som fortel meir enn det teksten gjer.

Det spøker! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Lars Mæhle: Død eller levande

Kombinasjonen av spennande og lettlesen roman for ungdommar er ikkje dagleg kost, men Lars Mæhle fortel ei skummel og spøkelsesaktig historie i Død eller levande. Her møter vi tvillingparet Simon og Katrin og veninna deira, Irma. Både Simon og Katrin har Evna, dei kan sjå og høyre det ingen andre ser og høyrer, og dei kjenner på seg når noko er gale. Ein dag møter dei Nihil, som lovar dei store pengar om dei kan finne ut kva som hende med dottera hans Angela, som forsvann for 30 år sidan. Då må Simon leite i Limbo, ein annan dimensjon der dei halvdaude held til. Sprekkane til Limbo finst der tyskarbrakka i Bekkedalen er.

Les meir

Tor Arve Røssland: Den tolvte spelaren

Grøss og gru-serien

Denne lettlesne romanen tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelje om noko ein veit ein bør fortelje om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko. Historia blir etter kvart svært spennande og dramatisk, det går på livet laus. Og Kevin blir merkt av hendingane i Våg for resten av livet.

I prologen hugsar Kevin Borgen tretti år tilbake på den tida han var ungdom og budde i Våg. Han les i avisa at Kåre Hansen er død som følgje av eit slagsmål. Kåre og Kevin var gode kompisar den gongen, då alt det dramatiske hende:

Les meir

Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson: Varehuset

Omsett av Øystein Rosse

Varehuset er ei skummel bok i Leseland-serien til Samlaget. Boka ligg på nivå 3, som tyder at ho eignar seg for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga. Tekstmengda har auka og lesaren kan møte vanskelege ord. Forteljingane er framleis rikt illustrerte med handlingsbærande bilete som støttar tekstinnhaldet.

Ester har funne draumekjolen. Ho passerer han i butikkvindauget kvar dag på veg til skulen. Ein dag går ho inn i butikken, tek med seg kjolen til prøverommet og prøver han på. Han sit som eit skot. Ester beundrar kjolen i spegelen og drøymer seg heilt vekk. Plutseleg oppdagar ho at senteret er stengt og ho er aleine igjen i butikken. I byrjinga tykkjer ho ikkje det er så farleg. Det er nesten litt spennande å vere aleine med alle varene og ikkje minst godteriet. Men etter ei stund oppdagar ho at ho kanskje ikkje er aleine likevel, og ting blir med eitt mykje skumlare.
Les meir