Kategoriarkiv: grøssarar

Tor Arve Røssland: Den tolvte spelaren

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru.
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 14–26)

Denne lettlesne romanen tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelje om noko ein veit ein bør fortelje om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko. Historia blir etter kvart svært spennande og dramatisk, det går på livet laus. Og Kevin blir merkt av hendingane i Våg for resten av livet.

I prologen hugsar Kevin Borgen tretti år tilbake på den tida han var ungdom og budde i Våg. Han les i avisa at Kåre Hansen er død som følgje av eit slagsmål. Kåre og Kevin var gode kompisar den gongen, då alt det dramatiske hende:

Les meir

Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson: Varehuset

Omsett av Øystein Rosse

Varehuset er ei skummel bok i Leseland-serien til Samlaget. Boka ligg på nivå 3, som tyder at ho eignar seg for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga. Tekstmengda har auka og lesaren kan møte vanskelege ord. Forteljingane er framleis rikt illustrerte med handlingsbærande bilete som støttar tekstinnhaldet.

Ester har funne draumekjolen. Ho passerer han i butikkvindauget kvar dag på veg til skulen. Ein dag går ho inn i butikken, tek med seg kjolen til prøverommet og prøver han på. Han sit som eit skot. Ester beundrar kjolen i spegelen og drøymer seg heilt vekk. Plutseleg oppdagar ho at senteret er stengt og ho er aleine igjen i butikken. I byrjinga tykkjer ho ikkje det er så farleg. Det er nesten litt spennande å vere aleine med alle varene og ikkje minst godteriet. Men etter ei stund oppdagar ho at ho kanskje ikkje er aleine likevel, og ting blir med eitt mykje skumlare.
Les meir

Malte Persson og Rui Tenreiro: Reisa til verdas farlegaste land

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land – undervisingsopplegg for 4.–7. trinn.

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar.

Les meir

Katarina Genar: Den mystiske skulen

Leseland. Nivå 2.
Illustrert av Alexander Jansson.
Frå svensk ved Øystein Rosse.

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.
Dette er spennande forteljingar med passelege mengder grøss og gru.

Serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og store illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Bokserien er på nivå 2 og eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Det er om lag 15–20 ord per side. Lesaren finn god støtte i dei mange illustrasjonane som er direkte kopla til teksten. I byrjinga av boka får lesaren presentert dei ulike karakterane med bilete og namn.

Les meir

Linn T. Sunne og Camilla Billett: Jenta i Blindgata

Jenta i BlindgataJenta i Blindgata tilbyr lesaren eit møte med det overnaturlege kombinert med handlingsdrivande illustrasjonar som tilfører forteljinga spanande element og passeleg mengde grøss-faktor. Bileta støttar opp om historia og oppfordrar til vidare samtalar kring tydinga av det ein ser.

I boka møter vi Tea og Teodor som får ei ny jente i klassa, Inga. Inga bur i same gate som Tea og Teodor og har ein hund som heiter Knøtt. Det er spanande å besøkje Inga, for ho bur aleine og dei kan gjere det dei vil. Men då dei leiker gøymsel, ser Teodor noko som gjer han livredd, og dei byrjar å sette spørsmål ved kven Inga eigentleg er.

Les meir

Tor Arve Røssland: Glimt

GlimtOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 71–78)

Den nye grøssaren til Tor Arve Røssland har to tidsplan og to ulike historier, og kapitla i boka vekslar mellom dei to historiene.

Den eine av historiene handlar om foreldrelause Solveig som er 15 år og bur på Grovøy, ei øy i havgapet. Historia er lagd til vårdagane 1940, krigen har nett starta og tyskarane kjem til Grovøy. Dei okkuperer huset ho bur i, og Solveig blir tenestejente i sin eigen heim. Ho får lange og tunge arbeidsdagar, og misliker løytnant Steiner som ofte er på besøk og stirer på ho. Men ho liker Torbjørn … Etter kvart blir det svært vanskeleg for Solveig, fordi folk på øya mistenker at ho er på sida til tyskarane.

Les meir

Atle Hansen: Svartedalen

Svartedalen_omslagDet er sommarferie. Alle dei andre ungdommane har reist til Syden eller andre spennande stader. Hovudpersonen vår er på sommarferie i Kapteinshuset saman med foreldra sine. Kan det verte kjedelegare? Her er det ingen jamaldringar å vere saman med. Han gler seg faktisk til å byrje på skulen att.

Slik startar forteljinga om mysteriet i Svartedalen. Hovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder. Han får høyre historia knytt til Kapteinshuset, dette staselege huset som vart bygd av den rike Kapteinen, og som far hans no har arva. Historia fortel også at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Han tek til å lure på kva som eigentleg er med Svartedalen. Kvifor er det ingen som går dit?

Les meir

Dorte Karrebæk og Otto Dickmeiss: Frida F

Det er ikkje lurt å ønskje seg for mykje … Den dagen i sommarferien da Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av mor si. Det var ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, slett ikkje. Ho var ikkje det minste interessert i henne. Gåva var ei fin, gammal porselensdokke. Og ho hadde vore svært dyr. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna det snille barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill. Frida F er ein del av Samlagets Leseland for eldre barn og ungdom. Bøkene er rikt illustrerte med inspirerande og tankevekkjande lesestoff. Dei kombinerer gode og engasjerande historier med lettlesen og innhaldsrik tekst. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Omsett av Aud Søyland.

Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda III

Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også tatt med til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får lesarane som har følgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går den kanskje endå lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominert til Uprisen.

Boka finst òg som digital lydbok.

Überviking

UbervikingFrå 16 år og oppover

Redaktør: Are Edvardsen

Det vesle forlaget Überpress er no ute med den tredje teikneserieantologien sin. Denne gongen er temaet vikingar, og seksten norske serieskaparar har tolka temaet på kvart sitt vis. Her er alt frå blodig alvor til reinspikka tull og tøys. I tillegg til vikingar av det tradisjonelle slaget, møter me til dømes lemen-vikingar, privatdetektiv-vikingar og vikingar som rotar seg inn i japansk populærkultur.

Les meir