Kategoriarkiv: humor

Terje Torkildsen: Humorboka

Kva er eigentleg humor? Kva gjer at noko er morosamt? I denne faktaboka tek forfattar og komikar Terje Torkildsen føre seg slike spørsmål. Han ser på humorsjangrar og verkemiddel som ironi, overdriving og metaforar. Og ikkje minst: Korleis humor balanserer på grensene mellom det kjende og det uventa. Boka gjev ei fin innføring i humor, og illustrasjonar og teikneseriar av Sindre Goksøyr er med på å illustrera poenga på ein morosam måte.

Arnfinn Kolerud: Snillionen

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 55–63)

Frank og Mor vinn 24 millionar kroner i lotto. Mor seier at Frank ikkje får bruka sin del før han vert atten, og sjølv har ho tenkt å halda fram med å leva som før, bortsett frå at ho tek ei breiare stripe med majones på skiva enn det ho tidlegare har brukt å gjera. Det heile er særs frustrerande for Frank,  og det vert ikkje noko betre då Mor ein dag går ut i avisa og seier at ho vil gje bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. Tanken til Mor er at det skal inspirera folk til å gjera gode gjerningar, men ting går ikkje heilt etter planen. For pengar kan få folk til å gjera litt av kvart …

Les meir

Annlaug Auestad: L. Ands dagbok

L.AndFrå 9 år og oppover

Annlaug Auestad har late ei skrøpeleg and spele hovudrolla i den sprelske og leikande boka L. Ands Dagbok. Den angstfylte L. And har ein løyndom og eit problem, som vert avslørt allereie på første side: Han har vass-skrekk. Samstundes får han anonymt levert på trappa eit mystisk egg som han må forsørgje. Men den nye rolla som eggepassar gjer han ingenting. Då er det nemleg ingen som kritiserer han for å ikkje vere med ut i vatnet!

Men kva skjer når egget brest? Kven har lagt det der, og kvifor? Blir han kvitt vass-skrekken?

Les meir

Are Kalvø: Ny grunnlov

Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner.

Resultatet blei ei ny og sjølvsagt mykje betre grunnlov, men òg ein tv-serie som dokumenterer arbeidet, som blir vist på NRK i år med tittelen Riksforsamlinga.

Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk – nokre av dei direkte tøvete – på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom.

Boka finst også som lydbok.

Les meir

Überviking

UbervikingFrå 16 år og oppover

Redaktør: Are Edvardsen

Det vesle forlaget Überpress er no ute med den tredje teikneserieantologien sin. Denne gongen er temaet vikingar, og seksten norske serieskaparar har tolka temaet på kvart sitt vis. Her er alt frå blodig alvor til reinspikka tull og tøys. I tillegg til vikingar av det tradisjonelle slaget, møter me til dømes lemen-vikingar, privatdetektiv-vikingar og vikingar som rotar seg inn i japansk populærkultur.

Les meir

ÜberMaritimt

Redaktør: Are Edvardsen

Det er i ferd med å gro opp ein underskog av nynorske teikneserieskaparar. I antologien ÜberMaritimt møter me nokre av desse, side om side med bokmålsskrivande kollegaer.

Temaet for antologien er havet, og 16 serieskaparar har delteke. At havet set i gang fantasien veit me, som har ein eventyrkultur som har gjeve oss Den flygande Hollender, Draugen, Den vesle havfrua og Ruffen. Slik er det òg i denne antologien, her møter me eit vell av skumle vesen frå sjøen.

Les meir

Arnfinn Kolerud: Kom ikkje inn i mitt hus

Å tulle med nynorsken og den norske språkstriden er ein risikosport. Nokre av dei som har prøvd seg med det dei siste 150 åra, har fått røyne det, med rasande tilsvar frå illsinte målfolk.

Det gjeld neppe Arnfinn Kolerud. I så fall er det frå folk med uvanleg dårleg utvikla humoristisk sans. Han har skrive to bøker om målfanatikaren Bendik Uføre sin hemningslause kamp for nynorsken i Vassbygdi/Vassbygda, verdas siste bygd der nynorsk framleis er hovudmål: Når ein først skal skyte nokon og Kom ikkje inn i mitt hus.

Her er det eit frodig persongalleri, friske ordspel og ei handling som renn over av referansar til den norske språkstriden. Bendik (som køyrer Toyoti) og dei gode hjelparane hans (ei av dei køyrer Auda) har eit utal originale prosjekt på lager for å nedkjempe bokmåldominansen rundt seg. Ikkje alle er like vellukka, men det legg ingen dempar på motivasjonen.

Teksten er lettlesen og delt inn i mange små kapittel med pirrande titlar som «Naken dame slår gras», «Det vakkar på seg» og «Bendik Uføre opnar hanskerommet til Sylvia.» Dialogane er smått absurde med uventa vendingar og poeng.

Bøkene høver best for ungdom og vaksne med sans for språkleg humor og i alle fall litt interesse for den særnorske språkstriden.

Forlaget presenter bøkene som dei to første i ein trilogi. Vi ser fram til å få siste delen av denne absurde forteljinga. Då får vi kanskje vite om mordet på bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand blir oppklara. Han måtte bøte med livet fordi han var i ferd med å bli meir kjend enn sjølvaste Ivar Aasen.

Les meir