Kategoriarkiv: humor

Barnas eigne vitsar

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord: Les meir

Lars Mæhle: Harry og Ivars detektivbyrå

I løpet av natta blir eit gullskrin som inneheld Leonardo da Vincis store løyndom stole frå bymuseet. Eigaren av innhaldet vil bli verdas mektigaste person når den tidsinnstilte låsen opnast. Dei gode nyheitene er at det er utlovd finnarlønn, og Ivar er på saken. Han får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv.

Illustrert av Per Dybvig.

Les meir

Arnfinn Kolerud: Når ein først skal skyte nokon

Artig nynorsk undergangshistorie

Berre ei siste, lita, trassig bygd i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk.

Men folk på den vesle staden greier ikkje eingong å einast om dei bur i Vassbygda eller Vassbygdi. Dei har heller ikkje a- og b-klassar på skulen, men a og i. Og den mest ihuga nynorskingen av dei alle, Bendik Uføre, køyrer Toyoti.

Når ein bjørn reiser seg på to og trugar med å utslette Ivar Aasen og heile nynorsken, må vassbygdingane ta saka/saki i eigne hender.

Les meir

Lars Mæhle: Harry og Ivar tryllar jula inn

Denne gongen har Harry (bombe!) fått ein grandiosa idé: å trylle fram ein julekveld i april.

Harry og Ivar er tilbake! Denne gongen har Harry (bombe!) fått ein grandiosa idé: å trylle fram ein julekveld i april. I forsøket blir det ikkje spart på ess eller kaninar – og særleg ikkje på vaflar. Betre blir det ikkje av at superskurken Kameleonen lurar i julepynten. Og som vanleg er det blyge Ivar som må rydde opp i sakene.

Illustrert av Per Dybvig.
Les meir

Marcello Toninelli: Dante

DanteDen guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet
Til nynorsk ved Bodil Moss

Italienaren Marcello Toninelli har laga ein humoristisk teikneserieversjon av det kjende visjonsdiktet til Dante, og det vesle forlaget TransFe:r har gjeve ut ei norsk utgåve, omsett av Bodil Moss.

Utgjevinga inneheld mange former for omsetjing og overføring, til dømes frå vers til teikneseriestripe, frå gammaltestamentlege tankar til moderne humor og frå italiensk til nynorsk. Til dømes er det interessant å sjå korleis Marcello har teke forteljinga frå diktverk til stripeserieformat. Les meir

Lars Mæhle: Harry Houdinis elefant

«Psst! kviskrar Tor Andreas. – Det er pokerlag i teltet vårt. – Endeleg litt action, seier Roald, allereie på veg opp frå soveposen. Vi andre ser prøvande på kvarandre. Ingen av oss har eigentleg lyst. Det synest på mils avstand. Men ingen vil risikere å hamne utanfor. Og det er nettopp det: Å vere utanfor er det verste av alt. Hamnar du først utanfor, er det gjerne uråd å komme innanfor igjen. Særleg når trekukar som Tor Andreas styrer spelet.» Les meir

Øystein Runde: The very best of Rundetid

RundetidSerieskaparen Øystein Runde er mellom anna kjend for seriane Bjartmann, som gjekk i Larsons Gale Verden, og Margarin, som han laga saman med Kristopher Schau. I Rundetid møter me fyrstikkmenneske i situasjonar som er både morosame og pinlege. Dei smiskar med kyr, leikar Fight Club, ser paralympics-ishockey, er seksuelt frustrerte og har pinlege samtalar med foreldra sine. Den enkle stilen gjer at serien får eit spontant preg. Les meir

George Sanders: Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp

Illustrert av Lane Smith 

Samfunnssatire kamuflert som barnelitteratur? I så tilfelle er det ikkje første gongen ein barnebokklassikar i utgangspunktet er skriven som satire for vaksne. Alice i eventyrland og Gullivers reiser er døme på det same. At vi har med ein klassikar å gjere er det ikkje tvil om. Den første barneboka til George Sanders kjem no ut på både bokmål og nynorsk.
Les meir

Rune Belsvik: Verdas mest forelska par & Tøddel Blisterplytt

Verdas mest forelska par (2001)
Tøddel Blisterplytt (2005)

Illustrerte av Inger Lise Belsvik

«Alle stader i verda finst det eit forelska par. I dei største byar og i dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst overalt. Dei er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmilini. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.» Les meir

Ragnar Hovland: Verdt å vite (trur eg)

«Ei oppslagsbok for unge i alle aldrar om kva som er verdt å vite i livet,» seier framsideteksten. Dei små tekstane er organiserte alfabetisk, og slik er det ei opplagsbok ein kan lese mykje eller lite i, ein kan lese kva ein vil, kvar ein vil, og i kva rekkjefølgje ein vil. Dette er ein flott introduksjon til Ragnar Hovland sin forfattarskap for unge lesarar. Som lesar står du svært fritt med denne boka i handa. Slik er det godt å ha det som ung, kanskje uvand lesar.
Les meir