Marta Tverberg er ein verdskjent musikar, og nå har ho komponert eit tingingsverk for Vossa Jazz der ho sjølv speler tenorsaksofon. Den aldrande jazzdivaa er ei omdiskutert dame, og det har tatt lang tid før ho blei spurt om å spele i heimbygda. Då applausen kjem, reiser ho seg, grip mikrofonen og seier: «For ein gjeng med forbanna idiotar de er». Etter eit oppgjer med folk i bygda, fell ho om på scenen.
I salen sit Agnes Tveit som held på å skrive ein biografi om Marta. Hauki Thorsson, mannen til Marta, er også der, det same er den nye festivalsjefen Alexander Kosanovic som var kjæraste med Agnes i ungdomstida, og VG-journalist Åkervold som Agnes hadde eit eventyr med sommaren før. Heldigvis er det også ein lege i salen, Tobias Løken, og han prøver gjenoppliving av Marta. Les meir