Kategoriarkiv: krim

Tone Nørvåg: Politihunden Falk (serie)

Politihunden_Falk_03Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Politihunden Falk til teneste!
Schæferhunden Falk har sin aller første arbeidsdag som politihund, saman med politibetjenten Hanne. Nokon har gjort hærverk på barneskulen om natta, og på kyrkjegarden er fleire gravstøtter velta. Falk må bruke sansane sine til å løyse oppdraget. Klarer Falk og Hanne å finne gjerningsmannen?

Les meir

Anne Viken: Elise og mysteriet på Hesteøya

Elise3Eg har ei jente på tolv år som ikkje likar hestebøker, men som har stor sans for Elise-bøkene. Ho likar at dei er litt skumle, og ho likar dei rare kapitteloverskriftene og at ein lærer mykje interessant om dyr.

Dette er tredje bok i serien av frittståande forteljingar om hestejenta Elise. Ho er òg denne gongen assistent for onkelen Kalle, som er veterinær. Som i dei to andre bøkene møter Elise ei skummel detektivgåte som ho tek ansvar for å løyse.

Les meir

Anne Viken: Elise og mysteriet på hesteklinikken

EliseFrå 10 år og oppover

Elise skal ha arbeidsveke hjå onkelen på hesteklinikken. Ho har førebudd seg godt og gler seg til å arbeida som veterinærassistent, men brått byrjar merkelege ting å henda. Kvifor vert dyra sjuke av medisinane? Og kva er dei mystiske ljodane ho høyrer i den gamle veterinærbustaden?

Anne Viken, som sjølv er utdanna veterinær, tek hesteinteressa til målgruppa på alvor. Kunnskap om hestar, dyrevelferd og hestesjukdomar vert slik ein integrert del av den spanande detektivforteljinga.

Les meir

Lars Mæhle: Landet under isen & Dødeboka

Opplegg til boka:
Les for livet: Opplegg til Landet under isen

Mange etterlyser nynorske fantasy-bøker for ungdomar. Ein fin stad å byrja kan vera romanen Landet under isen av Lars Mæhle. I boka møter me Leo Rubin, som oppdagar at han er den utvalde som må frigjera verda frå grepet til den svarte munken.

Boka vann litteraturprisen til Kulturdepartementet for beste barne- og ungdomsbok 2009, og juryen skriv:

«En ambisiøs roman med god driv og mange plan. Boka kombinerer fantasy- og krimsjangeren, inneholder et spennende filosofisk aspekt og diskuterer religiøse og politiske tema. Det lokale, det historiske og det universelle forenes, og dagsaktuelle spørsmål settes inn i en større sammenheng.»

Les meir

Per Jan Ingebrigtsen: Offer

Offer er ein spennande og dagsaktuell kriminalroman for ungdom. Fatima og besteveninna Silje er begge 18 år og går i same klasse på vidaregåande på Stord. Fatima og familien hennar kjem frå Somalia. Ein dag er Fatima borte frå skolen. Ho skal giftast bort til ein mann som er over 40 og har to koner frå før. Men Fatima veit at ho ikkje vil bestå jomfrudomstesten, ho har jo vore saman med ein norsk gut. Fram til undersøkinga må Fatima vere på rommet sitt. Ho får ein sms frå Silje som seier at dei må møtast, og Fatima kjem seg ut vindauget om natta. Men det er ikkje Silje som møter ho.

Silje tar kontakt med Salomon Sander, ein drikkfeldig eldre kar av taterslekt, og ber han hjelpe seg med å finne Fatima. Dei klatrar inn på rommet hennar, og oppdagar at senga er varm. Mohammed, bror til Fatima, oppdagar dei, men veit ikkje kvar ho er. Dei må kontakte politiet, men før det får Silje Mohammed til å love at Fatima ikkje skal sendast til Somalia.
Les meir

Überviking

UbervikingFrå 16 år og oppover

Redaktør: Are Edvardsen

Det vesle forlaget Überpress er no ute med den tredje teikneserieantologien sin. Denne gongen er temaet vikingar, og seksten norske serieskaparar har tolka temaet på kvart sitt vis. Her er alt frå blodig alvor til reinspikka tull og tøys. I tillegg til vikingar av det tradisjonelle slaget, møter me til dømes lemen-vikingar, privatdetektiv-vikingar og vikingar som rotar seg inn i japansk populærkultur.

Les meir

Lars Mæhle: Den mørke porten

Ein mann blir drepen på brutalt vis i ein kyrkjeruin, same stad som psykologen Karsten Scheel blei funnen myrda fem år tilbake. Ina Grieg, Scheels kollega og hemmelege elskar, blir inkludert i etterforskingsteamet. Kjensla av at ho er med i teamet på nåde, gjer at Ina Grieg finn uortodokse metodar for å få etterforskinga framover. Hennar gamle venn og mentor, den pensjonerte psykologprofessoren Trygve Winther, viser seg å bli til stor hjelp. Snart blir det klart at dei står ovafor ein seriedrapsmann besett av hemn. Og Ina må kjempe mot fleire demonar i jakta på fienden, ikkje minst sine eigne.

Terje Torkildsen: Dystopia III

I bok nummer tre i serien Dystopia møter me på ny dei fire ungdomane som er på flukt gjennom eit Europa råka av naturkatastrofar. Dei fire er no komne til Belgia, der dei søkjer ly på slottet til markien av Moulindam. Uvêr gjer at dei vert isolerte på slottet, og når kokka på slottet vert drepen, er det duka for mordgåter og dramatikk. Tempoet er høgt, boka er spanande, og til liks med dei to fyrste bøkene i serien vil Dystopia III vera eit godt val for spaningshungrige og utolmodige lesarar i alderen 14–17 år.

Boka kan fint lesast utan å ha lese dei to fyrste bøkene i serien.

Ingelin Røssland: Engleslakt

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om  detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!

Røssland (f. 1976) let seg ofte inspirere av miljø som ho sjølv har vanka i. Ho tek utgangspunkt i eit representativt, lite bygdesamfunn ein stad på Vestlandet, der ho let Engel ha den same jobben som ho sjølv ein gong hadde, som journalist i lokalavisa. I dei to første bøkene møtte lesaren ei rappkjefta og insisterande jente som var viljug til å ta drastiske sjansar for å kome til botns i dei sakene ho vart involvert i. Første boka, Englefjes handla både om menneskehandel, politisk korrupsjon og miljøvern. I oppfølgjaren Englejakt får lesaren servert mystiske forsvinningar, narkohandel og overgrep. På t-skjorta til hovudpersonen stod det «My name is Queen of Fucking Everything». Og det seier vel ein del? Her er det inga kjære mor! Les meir