Kategoriarkiv: krim

Magnhild Bruheim: Venneringen

VenneringenHer kjem ein ny, spennande kriminalroman for ungdom. Ispedd tema som forelsking og rivalisering i venninneflokken har boka mykje å by dei unge lesarane. Vi møter att venninnene Kami og Bente frå boka Ny melding som kom i 2003, også den ein kriminalroman. 

Det ser ut til å bli ei fin ferieveke på hytta, hovudpersonen Bente gler seg, og Ingrid og Martine skal også vere med. Ingenting blir slik Bente har håpa på. Ho føler seg svikta av bestevenninna Kami, som vel å dele rom med Ingrid og har hemmelege ting på gang saman med henne. Verre er det likevel at det har skjedd innbrot og valdtekt i hytteområdet. Les meir

Atle Hansen: Skatten i Skutevika

Skatten i SkutevikaMartin, Anders, Steinar og Anna er ute i Skutevika. Martin snorklar og finn nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Anna tek bilete og søkjer etter liknande myntar på Internett. Heime legg Martin myntane i ketsjup for å kunne pusse dei blanke. Saman med Anders går han til gamle Kristian i Vikja for å høyre om han, som veit så mykje, kan fortelje dei kva slags myntar dette er. Ei hollandsk skute forliste utanfor Skutevika for lenge sidan. Kan det vere myntar frå forliset Martin har funne? Les meir