Oppdrag Romvesen er ein digital/nedlastbar lydbokserie som er inndelt i episodar. Det er viktig å høyre episodane i rekkefølge slik at ein får gangen i historia. Serien består av 5 lydbøker/episodar, der kvar lydbok varer mellom 13 og 15 minutt. Den første episoden har fått namnet «Dei nye naboane», episode 2 heiter «Første skoledag», nummer 3 er «Akvariet», nummer 4 «Overnatting», og den femte heiter «Musikktimen».
Det er forfattarane sjølve som les, og dei gjer det med stor innleving. Dei ulike karakterane i lydboka vert presenterte gjennom ulike dialekter og stemmer, og det vert gjort med stor overtyding. Lydboka er stappfull av lydeffektar og bakgrunnsmusikk, noko som gjer ho ekstra levande. Historia er spennande og morosam og passar for barnehagebarn og dei yngste elevane på skulen. Les meir