Kategoriarkiv: lydbøker

Desse bøkene er å få kjøpte/lånte som lydbøker.

Du kan òg sjå ei liste med lydbøker på nynorsk hjå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Tore Renberg: Du er så lys

«Ansiktet hans den kvelden. Det kan eg sjå for meg no. Kolossalt levande. Som om det var fullt av mark, tenkjer eg no.»

Kva er litteraturen si oppgåve i verda? – Vi lærer å forstå andre. Setje oss inn i korleis andre har det. Dermed lærer vi også oss sjølve betre å kjenne. Og vi kan lære av dei erfaringane dei gjer seg, dei vi les om. Vi erfarer det same, berre heilt gratis. Utan å måtte ta konsekvensane av desse erfaringane, som ofte er fatale i fiksjonen.

Slik har eg ofte argumentert som formidlar. Men sjeldan har eg lese ein tekst som så klart svarar til denne oppgåva, ei forteljing som er akkurat slik, der det å forstå andre og greie å setje seg inn i korleis andre har det, og dermed forstå seg sjølv litt betre, er drivkrafta i historia.
Les meir

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Les meir

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

galderstjernaAsbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.

Hovudpersonen Eirik er skuleelev og speler mykje dataspel med venene Khalid og Maria. Etter ein serie med merkelege hendingar vaknar han opp med eit runesymbol på brystet – same symbol som han finn i dataspelet han held på med. Før Eirik veit ordet av det, er han rota inn i store hendingar som involverer parallelle dimensjonar, vikingar, teknologi og magi … og gudar som ikkje ser med velvilje på ein tenåring som blandar seg inn i sakene deira.

Les meir

Terje Torkildsen: Stavanger Stories 1

Stavanger Stories 1«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Betty skal snart byrja på vidaregåande, storebror Duxen er russ og veslebroren Broremann skal byrja på ungdomsskulen. Gjennom novellene i denne boka fylgjer me dei tre ungdomane og familien deira i ei tid prega av store overgangar for dei alle. Jamvel om boka er skriven som ein heilskap, kan mange av novellene fungera like godt som frittståande tekstar. Nokre byggjer opp mot eit komisk sluttpoeng, andre er meir til ettertanke, og det er rikeleg med både kjærleik, sakn, liv, død og fysisk humor i forteljingane. Les meir

Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er

EgeregeregerKjærleik, sakn, utfordingar, meistring, sorg, glede, kvardag og ferie. I diktsamlinga Eg er eg er eg er, den fyrste diktboka hennar for born, skriv Ruth Lillegraven godt om store og viktige emne i livet til dei unge lesarane. Dikta er organiserte etter årstidene, og kvar bolk opnar med ein flott illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Hovudmålgruppa for dikta er born i alderen 9–12 år, men både forma og innhaldet er slik at dei kan fungera for andre aldrar òg. Sjuåringen heime vart til dømes djupt fascinert av fleire av dikta. Les meir

Christian Wiik Gjerde: Jakta på firkløveren

Jakta på firkløverenPå ei øy uti havgapet er det ikkje flust av leikekameratar, men Jens og Alvar har kvarandre. Dei er bestevenner og er saman støtt. Dessutan har dei Gulla som eig krambua, ho med det lilla håret, dei mjuke klemmane og den trillande latteren. Det er sommarferie og skulefri, og Alvar og Jens badar, leitar etter firkløver og drikk saft av «høghæla glas». Og ventar. Dei ventar på den nye guten som skal flytte inn i Kråkeslottet, og dei gler seg til å få ein ny leikekamerat.

Flyttebilen kjem, stappfull av ting og tang, og med tiåringen Magnus, far og bestefar. No må det berre bli trippelt så kjekt, tenkjer Alvar og Jens.

Les meir

Rune Belsvik og Kari Stai: Kjendisen

kjendisenAlle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!

Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjenneleg, spennande, varm og hylande morosam.

Boka finst også som lydbok.

Lene Kaaberbøl: Skammarserien

Skammarens dotterSkammarens dotter
Skammarteiknet
Slangens gåve
Skammarkrigen
Omsette av Øystein Rosse

I samband med at fyrste boka i serien er filmatisert, gjev Det Norske Samlaget no ut dei fire bøkene i skammarserien i nye utgåver. Bøkene om Skammarens dotter vart ein stor suksess då dei fyrst kom ut her til lands, og det er ikkje utan grunn. Etter nokre få sider vert ein hekta, og ein får knapt til å leggja frå seg bøkene før ein er ferdig med heile serien.

I serien møter me Dina, som bur saman med mor si og to sysken. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Andre viktige personar i serien er Davin, som er bror til Dina, og fyrstesonen Nico.
Les meir

Alf Kjetil Walgermo: Kjære søster

kjære søsterNår eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.

Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Les meir

Carl Frode Tiller: Innsirkling 1–3

Trilogien Innsirkling har fått rosande merksemd og mange utmerkingar. I desse intenst urolege bøkene handlar det om unge menneske som alltid er i ei desperat og djup psykologisk krise.

Innsirkling 1 handlar primært om dei tre forteljarane Jon, Arvid og Silje – og til ei viss grad om den minnelause David, som er avbilda på smussomslaget på romanen. Lesaren får eit klaustrofobisk innblikk inn i den håplause kvardagen deira, og vi får kjenne på kor vanskeleg det kan vere å vekse opp i eit konformt småbymiljø når ein har eigne tankar både om kven ein er og kven ein vil bli. Les meir