Kategoriarkiv: nettutgåve

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Barbro Lindgren og Olof Landström: Boka om Benny

Boka_om_BennyTo herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.

I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Neimen, Benny

I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Les meir

Helme Heine: Venner

VennerVennene som vi får lese om i denne boka er hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik. Dei lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra, litt fordi dei er litt menneskeaktige, og litt fordi dei av og til finn på ting som får dei andre til å bli ståande der og sjå litt forundra ut.

Les meir

Martine Grande: Berte og Iver og månen

Berte og Iver synest det er kjekt å reise på oppdagingsferd saman. Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Berte synest Iver er veldig klok. Iver kan så mykje rart, og dei finn på mange spanande ting.

Berte og Iver har ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil. Saman dreg dei til månen for å finne ut om Månemannen finst.

Les meir

Annlaug Auestad: Kuvenninnene

KuvenninneneDette er ei bok om venninnekyr. Ei bok om Jorun som er blank i pelsen, Konni som har fin bjølle, Gullhorn med dei flottaste horna, og Berta med dei største jura …

Som andre venninner begynner kyrne å krangle om kven som er finast og best, og til slutt sprekk det for Jorun. Ho ORKAR ikkje all kivinga!

Ei humoristisk bildebok om kyr, vennskap og krangling. Her er det rauting av ypperste klasse.
Les meir

Annlaug Auestad: Neppe

NeppeEi vakker lita biletbok for dei aller minste, i glade, lyse fargar. Neppe er ein liten bamse, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nisse.

I klassisk peikebokstil går vi frå side til side og leitar, og først er det dei andre leikekameratane til Neppe som dukkar opp, ein etter ein, alle med namn som startar på N: Nøtte og Nille og Nusse. Alle tilbyr seg å bli med på leitinga etter Nisse. Korleis det endar, skal vi ikkje røpe her! Men godt går det. Annlaug Auestads bilete har sjarm og karakter, og byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje.
Les meir

Max Velthuijs: Frosken og haren

Frosken og harenNy bok i serien om «Frosken og vennene» for dei aller minste kjem no ut på Det Norske Samlaget. Frosken og vennene finn på hyggelege ting å gjere saman.

Denne gongen er det Frosken og haren som arbeider i og rundt huset. Dette er hendige kartongbøker i peikebokformat som har appell til barn frå eittårsalderen og oppover, og som toler små uvørdne hender.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Frosken og haren