Hugsar du bøkene om Pål? No har dei kome i ny utgåve. Pål har både bil, ball, bamse, bleie, dokkevogn, kake, lampe, potte, smokk og balje.
Dette er engasjerande bøker med kvardagslege hendingar for dei minste borna.
Hugsar du bøkene om Pål? No har dei kome i ny utgåve. Pål har både bil, ball, bamse, bleie, dokkevogn, kake, lampe, potte, smokk og balje.
Dette er engasjerande bøker med kvardagslege hendingar for dei minste borna.
Opplegg til heftet:
På teikneseriesidene til Nynorsksenteret finn du undervisningsopplegg til heftet.
Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Antologien inneheld desse seriane:
Opplegg til boka:
Du kan sjå filmar med opplegg og lese heile boka på nynorsksenteret.no/bokstavsommaren.
Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren – Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.
Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.
To herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.
I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.
Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Neimen, Benny
I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Les meir
Vennene som vi får lese om i denne boka er hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik. Dei lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra, litt fordi dei er litt menneskeaktige, og litt fordi dei av og til finn på ting som får dei andre til å bli ståande der og sjå litt forundra ut.
Nettsida Gullvekta har samla rundt 1200 eventyr, segner, fablar, skrøner og andre forteljingar på nynorsk. Her finn du alt frå Asbjørnsen og Moe til japanske eventyr.
Berte og Iver synest det er kjekt å reise på oppdagingsferd saman. Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Berte synest Iver er veldig klok. Iver kan så mykje rart, og dei finn på mange spanande ting.
Berte og Iver har ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil. Saman dreg dei til månen for å finne ut om Månemannen finst.
I dette heftet har Nynorsksenteret samla teikneseriar frå seks ulike serieskaparar.
Seriane som er med:
«Skulen» av Jorunn Hanto-Haugse
«Bjartmax Bjartmanus mimrar om krigen» av Øystein Runde
«Paradis.no – attvitja» av Les Inkwell
«Draumen» av Jorunn Hanto-Haugse
«Havet» av Øystein Sandvik Ottesen
«Tommelfingerreglar» av Øystein Runde
«Skammekroken» av Jens K. Styve
«Mykje vil ha meir» av Jorunn Hanto-Haugse
«4. klasse» av Jens K. Styve
«Hr. Post-it» av Fredrik Rysjedal
Dette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.
Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i læreplanen for norskfaget. Bruk av teikneseriar kan vera ein motiverande og spanande innfallsvinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserietitlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.
Les meir
Teikneserieklassikaren Maus – historia til ein overlevande er endeleg tilgjengeleg på norsk att, i Lars Amund Vaage si nynorske omsetjing. Me følgjer to parallelle historier i boka. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitneskildringane til faren. Gjennom arbeidet freistar han skjøna meir av både soga, faren og familien sin, men det er ikkje alltid like lett. Som han sjølv seier i ein replikk på side 176: «Eg kjenner meg så inadekvat når eg prøver å rekonstruere ei fortid som er verre enn mine svartaste draumar. Og å prøva å gjera det i ein teikneserie!» Men resultatet vart ikkje berre bra, det vart so bra at Spiegelman vann Pulitzerprisen for teikneserien. Les meir