Kategoriarkiv: nettutgåve

Du kan òg sjå oversyn over kva som finst av gratis nettutgåver av biletbøker, teikneseriar, eventyr og fakta og sakprosabøker på nynorsk.

Eva Jensen og Inger Lise Belsvik: Alle i Alta kan

Alle i Alta kanLes boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Alle i Alta kan

Eva Jensen fortel at ho lenge hadde hatt lyst til å skrive ein poetisk ABC for barn. Ho var inspirert av mellom anna Olav H. Hauges ABC. Boka med alfabetdikt kom i 2000 og er illustrert av Inger Lise Belsvik. Her er diktet til bokstaven A:

Alle i Alta kan
alle i Alabama kan
alle i Alaska kan
alle i Asia kan

men apa kan ikkje
og anda kan ikkje
og anakondaen kan ikkje
og ansjosen kan ikkje

Kan ikkje kva? Lære alfabetet, vel!

Les meir

Bjørn Sortland og Lars Elling: 24 i sekundet

24 i sekundetOda og Henrik er på julebesøk hos onkel Pål, som tidlegare har jobba i Hollywood og har loftet fullt av filmutstyr og rekvisittar. Der finn dei blant anna to Chaplin-hattar som dei set på seg, og vips – så er dei inne i ein stumfilm frå 20-åra.

Vi følgjer dei to inn i ei fiktiv verd og blir presentert for personar og filmar som har skapt premissa for film-mediet: Chaplin og Bergman, Kurosawa, Eisenstein og Orson Welles, Casablanca og Ben Hur, King Kong og Tarzan osv. Her går det an å lære ein masse og ha det kjempespennande samtidig.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
24 i sekundet

Bjørn Sortland og Kim Hiorthøy: Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst

Her møter vi att dei to brørne Fredrik og Arve, som vi vart kjende med i Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar. Denne gongen har Fredrik byrja på eit brevkurs i teikning. Då er det viktig å gå grundig til verks. Til dømes må ein kunne teikna nakne damer – etter modell. Men det er ikkje så lett å få nokon til å stå modell. Ikkje er det alltid så lurt å spørje heller. Elles får vi høyra om tatoverte kjærastar, om å ha hus i Spania tre veker kvart år, mjukt og hardt sjølvforsvar og om vaksne med eller utan for mange, eller for få, knekte eller heile ribbein.

Les meir

Hans Peterson og Ilon Wikland: Au, det gjer vondt!

Omsett av Ingebrigt Davik

Opplegg til boka
Bok på 1-2-3: Au, det gjer vondt! Tverrfagleg opplegg i kroppsøving og norsk.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Au, det gjer vondt!

Tvillingane Peter og Petra har det herleg ute på øya hos mormor og morfar. Her er sommar og sol og sjø og knausar og alle slags opplevingar. Men av og til går det gale, for tvillingane er fulle av liv og får stadig vekk skrubbsår eller meir alvorlege skadar. Men mormor veit råd, og førstehjelpsskrinet står klart til bruk. Vi får følgje Peter og Petra ei heil spennande sommarveke i skjergarden.

Les meir