Fleire av novellene i Slutten på historia er prega av at hovudpersonane kjenner på ei indre uro, at dei ikkje veit kvar dei er eller høyrer til, eller kva dei skal gjere i situasjonen dei er i. Vi møter også kjenslene av å vere forvirra og ha uklare minne, å vere einsam og kontaktsøkande. Elles er novellene ganske ulike, både i tematikk og i lengde.
Dei ni novellene er skrivne av Frode Grytten, Gaute M. Sortland, Mette Karlsvik, Mads Rage, Siv Østrem Peersen, Kjersti Rorgemoen, Siri Økland og Endre Tveit. I tillegg til desse forfattarane er også debutanten Therese Bakkevoll med. Les meir