Kategoriarkiv: noveller

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Les meir

Terje Torkildsen: Stavanger Stories 1

Stavanger Stories 1«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Betty skal snart byrja på vidaregåande, storebror Duxen er russ og veslebroren Broremann skal byrja på ungdomsskulen. Gjennom novellene i denne boka fylgjer me dei tre ungdomane og familien deira i ei tid prega av store overgangar for dei alle. Jamvel om boka er skriven som ein heilskap, kan mange av novellene fungera like godt som frittståande tekstar. Nokre byggjer opp mot eit komisk sluttpoeng, andre er meir til ettertanke, og det er rikeleg med både kjærleik, sakn, liv, død og fysisk humor i forteljingane. Les meir

Lars Mæhle: Korea. Noveller om kjærleik

Det Norske Samlaget

Lars Mæhle har skrive barne- og ungdomsbøker sidan 2002. Han debuterte med «Keeper’n til Tunisia», ein ungdomsroman som med stor suksess blei filmatisert i fjor under tittelen «Keeper’n til Liverpool». No har Mæhle skrive si første bok for vaksne, ei novellesamling om kjærleik, men utan at han gløymer ungdommen.

Den namnlause hovudpersonen i opningsforteljinga er berre seksten år, og i den siste novella er det ein russefest som står i sentrum for handlinga. Når Mæhle skildrar vaksne karakterar er deira relasjon og kjærleik til ungane langt viktigare enn den relasjonen dei har til andre vaksne. Boka har likevel eit perspektiv og ein språkleg tone som gjer at dette ikkje er ein ungdomsroman, men snarare ei vaksenbok som også yngre lesarar vil ha glede av. Les meir

Elskar, elskar ikkje

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.
Les meir

Erna Osland: Berre du som veit

Ei samling noveller som til saman dannar eit univers med skoleliv i sentrum. Boka er lett å komme inn i og lett å lese. Velskrivne forteljingar viser fram dramatiske spenningar i skolekvardagen – spenningar ikkje berre mellom den einskilde og andre unge eller vaksne, men også inne i hugen til kvar einskild.

Her er farlege munnar, stemnemøte, alvorlege truslar og varme sjokoladar i sveitte hender. Ei jente med kniv dukkar opp. Og Tommy, som er så tynn at han ikkje vågar gå aleine heim. Daniel, som ikkje får puste så snart han går heimanfrå, er med, og mange fleire. Samtidig med at kvar novelle er eit lite kunstverk, gir ho også eit veleigna grunnlag for samtale i klassen – eller heime – om denne viktige biten av livsvegen vår.

Frode Grytten: Bikubesong

I den vesle boka Som en roman. Om gleden ved å lese formulerer Daniel Pennac «Lesarens ti ukrenkjelege rettar». Mellom dei er retten til å lese kvar som helst, retten til å hoppe over sider og retten til å lese om att. Bikubesong er ein roman som kan lesast slik. Kanskje er det ikkje eingong ein roman?

Mange vil hevde at dette heller er ei samling forteljingar. Kapitla kan lesast som enkeltståande historier kvar for seg. Dette er ei av årsakene til at dette er ei god bok å halde fram for unge lesarar som er klare for større utfordringar enn ungdomslitteraturen kan gje dei.
Les meir