Kategoriarkiv: songbøker

Aslak Brimi og Agnetha Berg: Huldra Hildur

Forteljinga om huldra Hildur vert formidla gjennom bok, lydbok og barneplate av musikaren og forfattaren Aslak Brimi, illustratøren Agnetha Berg, songaren Mari Midtli, Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte, og songgruppa Fjelltite. Lydboka er lesen inn av Even Lusæter. Inspirasjonen er henta frå seter og fjelliv i Gudbrandsdalen, og kan ha nedslagsfelt både lokalt, nasjonalt og fleirkulturelt. Aktørane er trygge og engasjerte i formidlinga.

Les meir

Blåmann, bok med lyd

Redaktør: Finn Valgermo
Illustrert av Monia Nilsen

Blåmann, bok med lyd inneheld seks nynorske songar: Anne Knutsdotter, Blåmann, blåmann, Eg gjette Tulla, Fager kveldsol smiler, Eg veit ei lita jente og Bind deg ein blomekrans. Kvart oppslag i boka har tittel på songen, ein liten fingersensor som spelar av songen, og ein illustrasjon. Sjølve songtekstane er samla bak i boka. Boka er i kartong, noko som både gjer ho bruksvennleg for dei minste og gøymer den vesle musikkspelaren og batteriboksen.

Astri Sudmann: Syng og leik i lag

Astri Sudmann har samla 65 songleikar til bruk i barnehage og skule, saman med ungdommar, vaksne og på aldersheimen. Nokre av tekstane er på dialekt, andre er på nynorsk eller bokmål. Sudmann er utdanna lærar, reiser rundt med Den kulturelle skulesekken og er lærar i dans på Ole Bull Akademiet. I føre- og etterordet skriv ho at ho brenn for den livsviktige leiken. I songleiken kan alle vere med. Her er det ingen konkurranse eller krav til prestasjonar. Ein kan leike ute eller inne, og treng ikkje noko utstyr for å kome i gang.

Les meir

Rolv Brimi og Aslak Brimi: Nå skal eg sulle

Nå skal eg sulleSullar – stubbar – regler
Illustrert av Linda Gytri
Ta:lik 2016

Dette er ei samling med rundt hundre små songar og regler frå Gudbrandsdalen, samla av Rolv Brimi og Aslak Brimi. Boka passar for foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar eller rett og slett dei som er glade i song. Dei fleste songane i boka er songar for barn: bånsullar, skjemteviser og andre barnesongar, medan andre er knytte til seterlivet eller arbeidssongar. Vi finn også regler om kroppen, tærne, fingrane og om å telje.
Les meir

Odd Nordstoga (red.): Song for deg og meg

Song for deg og megNy og utvida utgåve, 2014

Tida går fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan eg sat med den fine, ferske boka Song for deg og meg i hendene. Redaktøren Odd Nordstoga hadde endåtil komponert ein song spesielt for samlinga av barnesongar. Songen heitte «Kveldssong for meg og deg», og handla om ein hylande gris og fire og tjue kråker på ein madrass. Men det er lenge sidan, i alle fall sett med barneauge: Tolv år! Nye born og nye songar er komne til, og no er også songboka komen i ny og utvida utgåve.

Les meir

Geirmund Johnsen (red.): Syng sjøl

syng_sjol«Syng sjøl er ei songbok for born, som er laga saman med born, og som tek born på alvor», skriv redaksjonen bak på songboka. Dette er ei god songbok til bruk i barnehage, småskule og i heimen. Alle songane har notar med besifring.

I samlinga finn vi 112 songar, både norske og utanlandske, men alle er på nynorsk. Her gode gamle klassikarar og nyare songar, songar for kvardag og fest. Songboka er i eit praktisk format med spiralinnbinding og gode ark, så du kan til og med ta boka ut på tur om du vil.

Les meir