Kategoriarkiv: spenningsbøker

Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda II

Svarte-Mathilda IIDei som likte den første boka om «Svarte-Mathilda» frå 2010, må få med seg oppfølgjaren. Svarte-Mathilda II kom no i haust, og Tor Arve Røssland leverer varene denne gongen òg. Her er blod, drap og redslar så det held – alt i eit lettfatteleg og drivande språk.

Då førre boka slutta, trudde Elisabeth at ho hadde fanga Svarte-Mathilda i ein medaljong, og at ho skulle sleppe å sjå fleire skrømt. Det var det mange lesarar som håpa at ho ikkje skulle få rett i. Ungdommane som anbefalte og melde boka til Uprisen i 2011 ønskte seg både film og fleire bøker. Filmen har ikkje kome, men til gjengjeld kjem det meir enn ein oppfølgjar. Røssland lover at Svarte-Mathilda III er like om hjørnet, og Elisabeth må nok hanskast med skrømta sine ei god stund til – til hennar fortviling, og frydefulle grøss frå lesarane.

Les meir

Asbjørn Rydland: Mørkemanaren

Asbjørn Rydland har komme til bok nummer tre i serien om drakeguten Koll. Han er som tidlegare opptatt av kampen mellom det vonde og det gode – med ein vri.

I den første boka fekk Koll oppleve at det ikkje alltid er like opplagt kven som er god og kven som er vond, at vener ikkje alltid er til å stole på, og at hjelpa ikkje alltid kjem. I neste boka måtte han kjempe med vondskapen i seg sjølv. Begge tema blir vidareførte i denne boka, men Koll er ferdig med å vere naiv. Denne gongen må han på nytt lære seg å stole på seg sjølv og andre folk – han trur vondskapen lurer overalt.

Les meir

ÜberMaritimt

Redaktør: Are Edvardsen

Det er i ferd med å gro opp ein underskog av nynorske teikneserieskaparar. I antologien ÜberMaritimt møter me nokre av desse, side om side med bokmålsskrivande kollegaer.

Temaet for antologien er havet, og 16 serieskaparar har delteke. At havet set i gang fantasien veit me, som har ein eventyrkultur som har gjeve oss Den flygande Hollender, Draugen, Den vesle havfrua og Ruffen. Slik er det òg i denne antologien, her møter me eit vell av skumle vesen frå sjøen.

Les meir

Robert Muchamore: Drapet

Drapet er fjerde boka i den spanande serien frå Robert Muchamore om dei unge, men beinharde Cherub-agentane. Det er berre å feste sikkerheitsbeltet og gi seg i kast med Londons kriminelle undergrunn:

Dei rasa forbi t-banestasjonen i hundre og femti kilometer i timen.

«Det vil vere eit under viss vi kjem oss unna utan at purken tek oss», sa Dave. «Og eg gir blaffen i kor mykje Leon tilbyr, eller kva det betyr for oppdraget, men eg stel ikkje fleire bilar.»

«Ikkje eg heller», sa James, og kasta eit engsteleg blikk over skuldra for å sjå om dei hadde purken etter seg. Les meir

Lene Kaaberbøl: Villheks – Eldprøva

Det Norske Samlaget
Omsett av Øystein Rosse

Katten sto midt i trappa, og han ville ikkje flytte seg.

Det var den største katten eg hadde sett i heile mitt liv [… ] Auga hans lyste neongult i halvmørket i kjellarnedgangen.

Slik opnar Lene Kaaberbøls nye serie om heksejenta Clara. Noko av det Kaaberbøl gjer best, er å hekte lesaren heilt frå starten av, og det demonstrerer ho her – ved å kaste oss rett inn i ei scene der ein enorm heksekatt går til åtak på ei heilt vanleg jente.

Vel, heilt vanleg er altså ikkje Clara, det viser seg at ho har arva heksekrefter som ligg i slekta. Dei kjem ikkje frå mora, men mora skjønar fort kva som er på ferde, og køyrer dottera til eit hus langt inne i skogen. Der bur Isa, Clara si tante. Ho er villheks. Les meir

Robert Muchamore: Rekrutten

Illustrert av John Aggs
Adaptert av Ian Edgington
Omsett av Øystein Rosse

Den tidlegare privatetterforskaren Robert Muchamore står bak serien om barneagentane i CHERUB. Til no har det kome ut fem bøker i serien på norsk. No gjev Samlaget ut ein teikneserieadapsjon av fyrste boka i serien.

Tolv år gamle James kom på barneheim då mor hans døydde. Der vart han rekruttert til den hemmelege spionorganisasjonen CHERUB. I «Rekrutten» følgjer me han gjennom den harde grunntreninga og det fyrste, farlege oppdraget.

Terje Torkildsen: Dystopia III

I bok nummer tre i serien Dystopia møter me på ny dei fire ungdomane som er på flukt gjennom eit Europa råka av naturkatastrofar. Dei fire er no komne til Belgia, der dei søkjer ly på slottet til markien av Moulindam. Uvêr gjer at dei vert isolerte på slottet, og når kokka på slottet vert drepen, er det duka for mordgåter og dramatikk. Tempoet er høgt, boka er spanande, og til liks med dei to fyrste bøkene i serien vil Dystopia III vera eit godt val for spaningshungrige og utolmodige lesarar i alderen 14–17 år.

Boka kan fint lesast utan å ha lese dei to fyrste bøkene i serien.

Asbjørn Rydland: Med eld i hjartet

I den andre boka i serien om Drakeguten dreg Koll til byen Vilkafjord for å motta dusøren for å ha nedkjempa Olvar Reveskinn. Der vert han vikla inn i storpolitiske maktkampar, og han får snart ein leigemordar i hælane. Slik vert Koll på ny tvinga til å utforska og ta i bruk drakeelden og kreftene frå Nordavinden, krefter som fører både godt og vondt med seg.

Rydland skriv godt og poetisk. Forteljinga har eit enormt driv i seg, og miljøskildringane skaper eit stort og truverdig univers. Det at Rydland har arbeidd lenge med dette universet i rollespelsamanheng, gjer at det finst ein godt utvikla mytologi, historikk og geografi bak forteljinga. Les meir

Robert Muchamore: Flukta. Cherub 3

Omsett av: Øystein Rosse

Det Norske Samlaget

Då Robert Muchamore byrja skrive Cherub-serien, ønskte han å skrive nett ei slik bok han sjølv leita etter då han var tretten. Suksessen til serien, no omsett i tjuefem land og snart på film, er kanskje eit prov på at trettenåringar i dag og for tjue år sidan ikkje er så forskjellige. Dei vil ha store dosar spenning, personar å identifisere seg med og ein dæsj romantikk på toppen.

Flukta er det tredje Cherub-eventyret til trettenårige James Adams, og denne gongen er også veslesystera hans, Lauren på ti, med på farleg oppdrag. Cherub er ein superhemmeleg organisasjon som trenar barn opp til agentar, og James og Lauren blei rekrutterte då mora deira døydde. På sitt første felles oppdrag skal dei to søskena hjelpe sonen til ein av USAs mest ettersøkte forbrytarar, våpenhandlaren Jane Oxford, med å flykte frå høgrisikofengselet Arizona Max. Curtis Oxford er fjorten år og sit fengsla for drap, på sovesal med niogtjue andre livsfarlege ungdomskriminelle. James blir arrestert og dømt med falsk identitet, og som innsett i Arizona Max skal han prøve å bli ven med Curtis. Lauren skal hjelpe dei to gutane på utsida av murane, om dei klarer å rømme, og då håper MI5 og FBI at dei tre ungane skal føre dei til Jane Oxford og trettifem stolne presisjonsstyrte rakettar. Oppdraget er risikabelt frå første stund. Les meir

Ingelin Røssland: Engleslakt

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om  detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!

Røssland (f. 1976) let seg ofte inspirere av miljø som ho sjølv har vanka i. Ho tek utgangspunkt i eit representativt, lite bygdesamfunn ein stad på Vestlandet, der ho let Engel ha den same jobben som ho sjølv ein gong hadde, som journalist i lokalavisa. I dei to første bøkene møtte lesaren ei rappkjefta og insisterande jente som var viljug til å ta drastiske sjansar for å kome til botns i dei sakene ho vart involvert i. Første boka, Englefjes handla både om menneskehandel, politisk korrupsjon og miljøvern. I oppfølgjaren Englejakt får lesaren servert mystiske forsvinningar, narkohandel og overgrep. På t-skjorta til hovudpersonen stod det «My name is Queen of Fucking Everything». Og det seier vel ein del? Her er det inga kjære mor! Les meir