Kategoriarkiv: teikneseriar

Bobler frå djupet

Opplegg til heftet:
teikneseriesidene til Nynorsksenteret finn du undervisningsopplegg til heftet.

Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Antologien inneheld desse seriane:

  • «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill
  • «Bjartmann» av Øystein Runde
  • «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg
  • «Jojo» av Ida Neverdahl
  • «Dunce» av Jens K. Styve
  • «Freden» av Jey Levang

Les meir

Mette Karlsvik og Tord Torpe: Kjøt

Teikneserien Kjøt går i hovudsak føre seg i skogen utanfor Oslo, der me i ein kort periode fylgjer ein ung, kvinneleg student. Ho tek bussen til endehaldeplassen for å utforska området, men rotar seg bort og famlar inn i eit møte med det ukjende. Teksten til Karlsvik og teikningane til Torpe vekslar mellom store liner og ørsmå detaljar. Dei skildrar ei stemning som ligg ein stad mellom draum og røynd, og det heile går føre seg i grensene mellom trygt og utrygt, natt og dag, ljos og mørker og storby og villmark.

Les meir

Anja Dahle Øverbye: Bergen

I den nye teikneserieromanen til Anja Dahle Øverbye møter me Maria. Ho er fersk student i Bergen, slit med depresjon og bruker litt for mykje tid på pub og litt for lite tid på lesesalen.

Trass i kjærast og gode veninner slit Maria med einsemd, og ho finn ikkje heilt plassen sin i vaksenlivet med arbeid og studering. Det heile er skildra med ein nydeleg blyantstrek som gjer at miljøet i forteljinga verkeleg kjem til liv.

Ida Eva Neverdahl: Jojo

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 7–12 og 33–35)

Den fargerike, humoristiske og absurde teikneserien Jojo går fast i Norsk Barneblad. Her møter du robot-einhyrningar, ånder i brusboksar, ninjamødrer, søte dyr, fiskeprinsesser og anna som Jojo støyter på i den magiske kvardagen sin. No er endeleg seriane om Jojo samla i bokform, med ei heilt nyskriven rammeforteljing som opnar og avsluttar boka.

Streken til Neverdahl er leiken og levande, og forteljingane er slik at du aldri veit heilt kvar dei kjem til å enda opp. Når boka i tillegg har fått eit lekkert omslag (plusspoeng til Samlaget for smakfull bruk av glitterbokstavar), er det ikkje rart at niåringen min var særs snøgg med å plukka opp og lesa boka med det same me fekk henne i hus.

Les meir

Erna Osland og Sigbjørn Lilleeng: Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 26–37)

Tony T og kusina Silja er begge på ferie hos farfar. Silja er modig og liker veldig godt å dykke, og ho meiner bestemt at Tony T er veldig treig og aldri kan bestemme seg. Farfar er litt uroleg for alt Silja finn på, for i fjor måtte ho hentast med helikopter. Silja stikk seg ofte bort, og Tony leitar.

Tony finn ho på loftet der ho nærast overfell han. Ho seier ho skal vise han ei hemmelegheit, men ombestemmer seg. Etterpå kjem ho durande ned på kjøkkenet med eit kart som farfar fortel har vore oldefarens markeringar av kvar det finst vrak. Silja liker å dykke på vrak, det var det ho hadde gjort sommaren før. På loftet finst det visst mange rare saker.

Les meir

Øystein Runde: Stamceller. Kroppens superheltar

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 18–28)

Kroppen din. Eit enormt maskineri med billionar av celler i harmonisk samarbeid. Men også ei slagmark! Cellene blir stadig utsette for skadar, slitasje, bakteriar og virusangrep. Når celler døyr, er kroppen avhengig av hjelp frå ein spesiell type celler. Denne boka er om dei. Stamceller.
Les meir

Überkrig

ÜberkrigÜberkrig er den tiande teikneserieantologien frå forlaget Überpress. Denne gongen tek serieskaparane føre seg temaet krig, og to av historiene er på nynorsk. Innfallsvinklane i dei ulike seriane er ulike – krigen vert nytta både som ramme, bakteppe og metafor her – og særleg den 16 sider lange opningsforteljinga «Freden» av Jey Levang gjer inntrykk.

Les nynorsk med Donald Duck

donaldI dette teikneserieheftet har Egmont kombinert den klassiske Carl Barks-forteljinga «Eggemysteriet» (der firkantfolket snakkar ein nynorskvariant dei har lært på 1800-talet av professor Tron Dreyerdal frå Voss) med to nye forteljingar skrivne av Olaf Solstrand. Dei to Solstrand-forteljingane, «Babelfink» og «Dumdristige donasjonar», er båe på nynorsk.

Heftet finst som rabatterte klassesett som ein del av serien Donald i skolen.

Álvaro Nofuentes: På Grand Manila

På Grand ManilaMed utgangspunkt i ein roman av Kjartan Fløgstad har den spanske teikneserieskaparen Álvaro Nofuentes laga teikneserien På Grand Manila. Boka kjem no ut på norsk, fint omsett frå spansk til nynorsk av Bente Teigen Gundersen.

I staden for å laga ein tradisjonell teikneserieadapsjon av handlinga i boka til Fløgstad har Nofuentes laga det han kallar eit «grafisk essay». Her tek han utgangspunkt i nokre av temaa frå boka, til dømes det tosidige i at det internasjonale firmaet Union Carbide Corporation, med base i USA, både er ansvarlege for modernisering og sysselsetjing i Sauda og ein industrikatastrofe som førte til eit femsifra tal på dødsfall i India.

Les meir

Jens K. Styve: JensK Sesong 1

jensk_sesong1Etter femten år borte frå teikneseriar så er han meir produktiv enn nokon gong. Når Jens K Styve gjer noko, så er det oftast ikkje berre litt.

I JensK Sesong 1 er det magekjensle, intuisjon og inspirasjon som styrer skuta. Det vekslar frå einsidige vitsar, slapstick og poesi til mytiske karakterar, historiske rammer, biljakt og drap. Alt samla mellom desse permane med betraktingar frå kunstnaren sjølv inkludert. Laga ut frå teorien om at det som er gøy å laga kan bli gøy å lesa. Som han sjølv seier:

”Dersom det er berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg”.