Hurra! Hurra for Kometbøkene til Samlaget og hurra for Linn T. Sunne! Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.
Jentene til Sunne endar aldri opp med dei gutane dei trudde dei skulle ende opp med. Dei har ikkje styring på vala sine. Katti i «Blå blondie» har ei kreftsjuk søster og strever med å finne ein eigen plass i familien, og guten ho er forelska i endar opp med venninna. Ella i «Saiko» lar seg presse til å gjere det stikk motsette av det ho eigentleg vil: Ho blir saman med rånaren Steinar i staden for den brunøygde Simon. Medan Katti etter kvart blir saman med ein annan og betre, og vinn kontrollen gjennom det, er Ella sin veg mot sjølvstyre langt tøffare. Les meir →