Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Himmelspringaren. Eit tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i norsk, KRLE og kunst og handverk med utgangspunkt i temaet «folkehelse og livsmeistring».
«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.»
Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Allusjonane til eventyret om den stygge andungen er tydelege, mange vil nok også tenkje på frelsaren i Davids by. Historia kviler likevel ikkje på andre tekstar, sjølv om tema og bodskap er så viktige at mange forteljingar har vore bygde kring liknande motiv. Les meir