Kategoriarkiv: bøker med undervisingsopplegg

Max Velthuijs: Den store boka om frosken og vennene

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Frosken om vinteren

Omsett av Hanna Midtbø og Halldis Moren Vesaas

Det er tretti år sidan dei første forteljingane om frosken, og kva er vel betre enn å samle seks av bøkene i ei jubileumsutgåve? I Den store boka om frosken og vennene finn du desse forteljingane:

Les meir

Alfred Fidjestøl: Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 47–59)

«Som ein bror» er ei sakprosabok om sjimpansen Julius, som for førti år sidan måtte bergast ut av flokken i Dyreparken i Kristiansand, og som levde i to menneskefamiliar før han vart tilbakeført til sjimpansane. Det er ei spennande forteljing. Mange barn har sett og helsa på Julius i dyreparken, men boka er like interessant for dei som ikkje kjenner Julius i det heile teke. Boka fungerer både som høgtlesingsbok for dei yngste og som lese-sjølv-bok for dei litt eldre på barneskulen.

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Stormen

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Dette er den sjette boka om Jakob og Neikob. Jakob og Neikob er framleis bestevenner som bur i lag på ein bakketopp. I Stormen møter vi også Spinnvill, ein energisk figur som driv ein fabrikk som kan lage alt mogleg. Spinnvill har fire hender, går på hjul og har det breiaste gliset du kan tenkje deg. Ho vil gjerne trykkje på alle knappane i fabrikken og lage alt mogleg på ein blunk!

Les meir

Anna R. Folkestad: Ulla

Opplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna fargeleggingsark med Ulla.

Ulla vil vere med i flokken til Ronny, Albert og Ullbert, men dei seier at alle som er med i ein flokk, må vere veldig flinke til noko.

Ulla er veldig flink til å gøyme seg, og ho tenkjer at når ho har bevist det, får ho vere med i flokken, ho også. Det er berre det at dei andre ikkje kjem og leitar etter henne. Dessutan er Ulla så flink til å gøyme seg at ho sjølv må leite etter vegen tilbake. Ho møter ein heil gjeng med artige og fine dyr som vil hjelpe til. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem.

Ulla er ei fin og hjartevarm bok om det å vere ein del av ein flokk.

Les meir

Ruth Lillegraven: Skogen den grøne

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Skogen den grøne – tverrfagleg undervisingsopplegg

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til utdrag frå boka

Ei samling med 44 dikt for born, med skogen som tema. Nokre av dikta er lyse og lette og lokkar deg med på ein skogstur i solskin. Andre er mørkare og handlar om kva som skjer med alt i naturen når hausten kjem, eller når livet tek slutt. For det meste inviterer dikta til å tenkje og filosofere over alt som lever og hender i skogen: Dyreliv, plantar, fantasifigurar, alt som er og som kanskje ikkje er slik det gir seg ut for.
Les meir

Randi Fuglehaug og Nora Brech: Skalla

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Skalla – undervisingsopplegg i norsk, kroppsøving og samfunnsfag.

Iben likar ikkje å vere på sjukehus, men veit at ho må dit likevel for å få livsviktig behandling. Rett etter at dei har funne rommet dei skal sove på, står det ei jente i døropninga, utan eit hår på hovudet. Jenta presenterer seg som Skalla-Malla, og tek Iben med på oppdagingsferd rundt på sjukehuset. Saman gløymer dei alt som er vanskeleg og leitt, og dreg til hemmelege og magiske rom.

Iben mister venninna si, så boka romantiserer ikkje det å vere alvorleg sjuk. Likevel er det livsglede og livskraft som er grunntonen i forteljinga.

Skalla gjer det mogleg å snakke om eit vanskeleg tema, men det er også ei bok som inviterer til å leike seg med tanken på at det finst godteriblomstrar, diskodans og vennskap der du kanskje minst ventar det. Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte forteljinga får vi møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Les meir

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Opplegg til boka:
Du kan sjå filmar med opplegg og lese heile boka på nynorsksenteret.no/bokstavsommaren.

Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren – Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Malte Persson og Rui Tenreiro: Reisa til verdas farlegaste land

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land – undervisingsopplegg for 4.–7. trinn.

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar.

Les meir

Trude Tjensvold: Bo flyttar ut

Bo flyttar utOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut – undervisingsopplegg i norsk og naturfag.

Heime hos Bo er det berre Bo og mora, men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å flytte ut.

Nede ved dammen møter han andungen.

– Kor skal du? spør andungen.
– Veit ikkje, svarar Bo. – Eg skal flytte.
– Du kan få bu hos meg, kjem det frå andungen.
– Du held vel ikkje hund? spør Bo.
– Nei, eg bur åleine, svarar andungen.
– Bra! Seier Bo.

Les meir