Kategoriarkiv: bøker med undervisingsopplegg

Randi Fuglehaug og Nora Brech: Skalla

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Skalla – undervisingsopplegg i norsk, kroppsøving og samfunnsfag.

Iben likar ikkje å vere på sjukehus, men veit at ho må dit likevel for å få livsviktig behandling. Rett etter at dei har funne rommet dei skal sove på, står det ei jente i døropninga, utan eit hår på hovudet. Jenta presenterer seg som Skalla-Malla, og tek Iben med på oppdagingsferd rundt på sjukehuset. Saman gløymer dei alt som er vanskeleg og leitt, og dreg til hemmelege og magiske rom.

Iben mister venninna si, så boka romantiserer ikkje det å vere alvorleg sjuk. Likevel er det livsglede og livskraft som er grunntonen i forteljinga.

Skalla gjer det mogleg å snakke om eit vanskeleg tema, men det er også ei bok som inviterer til å leike seg med tanken på at det finst godteriblomstrar, diskodans og vennskap der du kanskje minst ventar det. Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte forteljinga får vi møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Les meir

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Opplegg til boka:
Du kan sjå filmar med opplegg og lese heile boka på nynorsksenteret.no/bokstavsommaren.

Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren – Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Malte Persson og Rui Tenreiro: Reisa til verdas farlegaste land

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land – undervisingsopplegg for 4.–7. trinn.

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar.

Les meir

Erna Osland: Gullfalken. Ni nye eventyr

gullfalkenOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Gullfalken – tverrfagleg opplegg i norsk og musikk for 5.–7. trinnet.

Gullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland er ei samling med ni tidlause forteljingar frå heile verda. Dyr og element frå naturen utgjer bakteppe i historiene, og heltane er barn og ungdomar som ved hjelp av vennskap og omsorg kjem sigrande ut av konfliktane som oppstår.

Boka er full av farlege og spanande hendingar der både liv og helse blir sett på prøve. Namna på figurane, omgjevnadane, illustrasjonane og fargebruken gir ei noko framand og eksotisk stemning.

Les meir

Trude Tjensvold: Bo flyttar ut

Bo flyttar utOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut – undervisingsopplegg i norsk og naturfag.

Heime hos Bo er det berre Bo og mora, men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å flytte ut.

Nede ved dammen møter han andungen.

– Kor skal du? spør andungen.
– Veit ikkje, svarar Bo. – Eg skal flytte.
– Du kan få bu hos meg, kjem det frå andungen.
– Du held vel ikkje hund? spør Bo.
– Nei, eg bur åleine, svarar andungen.
– Bra! Seier Bo.

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Naboen

Jakob og Neikob. NaboenOpplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp.
Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.

– Ei ny bok om Jakob og Neikob? Denne boka har vi lese før, hevdar min vesle lesevenn. – Nei, sjå nærare, seier eg. Vi ser nøye på framsida i lag, på dei to figurane som sit på graset og ser på det oransje huset med det spisse taket. – Det ser ut som om nabohuset ser på dei også, utbryt fireåringen. – Eg lurer på kven som bur i huset. Les då!
Les meir

Njord Svendsen og Akin Duzakin: Bomulv

BomulvOpplegg til boka:
Undervisingsopplegg knytt til Bomulv, for 5.–7. trinn

Debutanten Njord Svendsen og veteranen Akin Duzakin har saman laga ei fin forteljing om mot og venskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ula. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må koma seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.
Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Barnas store eventyrbok – tverrfagleg opplegg for 5.–7., med vekt på norskfaget.

Endeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir

Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar

bjørkebokstavarOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Bjørkebokstavar – undervisingsopplegg for norsk, naturfag og KRLE.

Les for livet: Opplegg til Bjørkebokstavar

Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet. Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng.
Les meir