Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru.
Saman med mamma og storesøster Ida flyttar Selma, snart 15 år, til det gamle, litt falleferdige huset mamma har arva. Dei andre husa er nyare og med velstelte hagar. Deira hus ligg i ei skråning ned mot ein dal. På Selma sitt rom står vindauget ope, og ho høyrer lydar frå skapet. Selma opplever at skapet er fullt av kjolar, men mamma ser dei ikkje. Selma tenker at ho ikkje må fortelje om det ho ser og opplever. Mamma har vakse opp i dette huset, men ho har aldri fortalt om det som hende der.