Kategoriarkiv: bøker med undervisingsopplegg

Her finn de bøker det er laga undervisingsopplegg til.

Lars Mæhle: Jag är Supermann

«Jag är Supermann» står det på t-skjorta til Bjørn, og det har blitt tittelen på novellesamlinga til Lars Mæhle. Men Bjørn er langt frå Supermann, og slik er det også med dei andre ungdommane vi møter. Novellesamlinga inneheld fem noveller av ulik lengde, og sjølv om dei er sjølvstendige forteljingar, møter vi fleire av personane igjen i fleire noveller. Alle hendingane går føre seg på Sunndalsøra ein måndag om sommaren.

Les meir

Aina Basso: Finne ly

Finne_lyNoko slikt som dette kan godt ha funne stad ein gong midt på 1800-talet: Hanna, ei ung romanikvinne, kjem åleine til ein gard som ligg litt avsides til, etter å ha rømt frå tukthuset i Christiania. Ho bankar på døra og spør folket som bur der om dei treng hjelp i huset. Det gjer dei, så ho flyttar inn til dei, og så er det å gå på med krum hals, for tre karar har budd åleine der i lange tider etter at mora i huset gjekk bort.

Les meir

Aina Basso: Inn i elden

Det Norske Samlaget

I eit europeisk perspektiv er det norske talet for heksebål lågt, men eitt fylke står i ei særstilling. Inn i elden hentar handling frå dette fylket. Boka handlar om den såkalla «kjedeprosessen» i 1620–1621 i Finnmark

Lesaren får møte ungjenta Dorothe, som vert gifta bort til dobbelt så gamle seigneur Johann Beyer. Dorothe er ei uglad brud, men etter kvart veks kjærleiken fram, for Johann er ein snill mann. Sjølv om han har eit uhyggeleg arbeid. Han er fut i Finnmark, og har som oppgåve å «finne djevelens disiplar og straffe dei», og «forhindre at andre lèt seg lokke til same ugudelegdom».

Les meir

Aina Basso: Fange 59. Taterpige

Maria er ei 16 år gammal taterjente som kjem bort frå dei andre i følgjet då ho spring for å kome seg ut av byen før byporten stenger. Ho har vore saman med familien sin for å selje varer i byen, men der er ikkje lov for tatarar. Då dei ikkje lenger leitar etter ho, kjem ho i kontakt med nattmannen som gir ho mat. Men brått dundrar det på døra, og ho blir arrestert og hamnar på tukthuset. Her går dagane med til å karde og spinne, men også til å knytte venskap. Ho kjenner ein gut ho stadig tenker på, og tankane om flukt er heller aldri langt unna. Hendingane går føre seg i 1749.
Les meir

Aina Basso: Ingen må vite

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. I ei lita kystbygd nord i landet driv ho ein karrig fjellgard saman med mora og veslebroren. Ein alkoholisert og valdeleg stefar utset henne for overgrep ho ikkje kan fortelje om. I eit reinskore lyrisk språk fortel debutant Aina Basso ei både frykteleg vond og fantastisk vakker historie. Ho har skrive ein poetisk punktroman som er så spennande at det er uråd å leggje han frå seg. Ein sjeldan og imponerande kombinasjon. Les meir