Kategoriarkiv: bøker med undervisingsopplegg

Her finn de bøker det er laga undervisingsopplegg til.

Biletbøker med opplegg.

Kari Stai: Jakob og Neikob og det tomme rommet

Jakob og Neikob og det tomme rommetOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Jakob og Neikob og det tomme rommet – tverrfagleg undervisingsopplegg for 1.–4. klasse.

Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Jakob og Neikob er bestevenner og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, og Neikob bur i andre. Men på loftet er det heilt tomt.

– Vi treng ein sambuar, seier Neikob.

Dette er den tredje boka om Jakob og Neikob. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.

Les meir

Odd Nordstoga og Rune Markhus: Eg og Pontus går for gull

Eg-og-Pontus-gaar-for-gullOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Eg og Pontus går for gull – undervisingsopplegg for 3.–7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk.

For av og til må ein vera skikkeleg uskikkeleg. Har du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på den og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i den og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av.

Les meir

Martine Grande: Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar

KakerlakkenOpplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna ei brettebok med Kakerlakken med den stygge frakken.

Kakerlakken er lykkeleg når det er sommar. Ho spring naken omkring. Sola skin og lyser opp kvar ein krik og krok i den vesle kakerlakk-kroppen. Når hausten kjem sloknar sola både på himmelen og inne i Kakerlakken

Boka tek for seg eit tema som har vore lite omtalt i skule og barnehage, triste tankar eller depresjon hos barn. Forfattaren Martine Grande løftar fram temaet på ein seriøs og undrande måte gjennom historia om Kakerlakken.

Les meir

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni gjer det fint

Unni_og_Gunni_gjer_det_fintOpplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna fargeleggingsark med Unni og Gunni.

Unni og Gunni gjer det fint fornyar pingvin-universet. Det startar med at dei konstaterer at det er litt tomt i huset deira. Det må dei gjera noko med, så dei fyller huset med slikt ein fyller hus med. Innreiinga skjer på ein pedagogisk og omgrepsfokusert måte, slik at ungar skal læra om langt og kort, høgt og lågt, gamalt og nytt, osb, og på den måten er også Unni og Gunni gjer det fint ei slags peikebok. Samstundes er boka ei historie om sambandet mellom interiørinteresse og familieetablering, som gjer pingvinane litt meir like oss menneske og gjev dei litt meir å spela på.
Les meir

Elin Grimstad: Månen som ville lyse som ei sol

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Månen som ville lyse som ei sol – undervisingsopplegg for barnesteget i faga norsk, naturfag, samfunnsfag og kunst og handverk.

I denne vakre biletboka er det sola og månen som er hovudpersonane. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er mørke midt på dagen. Månen innser at han ikkje har strålekrafta til sola: «Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!» Men også sola innser at ho har tatt feil av månen. Ho har vore så overlegen og sagt at han ikkje er til verken nytte eller glede, men no innser ho at han er høgst naudsynt: «Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smiler ho.»

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Jakob og Neikob er tilbake! Det er tjuven også, vi hugsar han frå slutten av den første boka om dei to venene som er så ulike: Jakob seier ja til alt, Neikob seier alltid nei. Tjuven har no rømt frå fengselet. Jakob og Neikob bestemmer seg for å ta opp jakta på han. Men tjuven lurer dei begge to, snart er det Jakob som sit i fengsel! Slik som Neikob til slutt kunne svare ja mot slutten av førre forteljinga, er det Jakob som denne gongen må lære seg å seie nei.

Les meir

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni reiser

Opplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna fargeleggingsark med Unni og Gunni.

Unni og Gunni er to pingvinvener som likar å prøva nye ting. Medan dei ligg og slangar seg utanfor igloen sin med paraplydrinkar, seier Unni:

– Me burde på ein måte koma oss litt vekk.
– Einig, seier Gunni

Så finn dei fram det flygande teppet og dreg på tur.

Les meir

Aina Basso: Inn i elden

Det Norske Samlaget

I eit europeisk perspektiv er det norske talet for heksebål lågt, men eitt fylke står i ei særstilling. Inn i elden hentar handling frå dette fylket. Boka handlar om den såkalla «kjedeprosessen» i 1620–1621 i Finnmark

Lesaren får møte ungjenta Dorothe, som vert gifta bort til dobbelt så gamle seigneur Johann Beyer. Dorothe er ei uglad brud, men etter kvart veks kjærleiken fram, for Johann er ein snill mann. Sjølv om han har eit uhyggeleg arbeid. Han er fut i Finnmark, og har som oppgåve å «finne djevelens disiplar og straffe dei», og «forhindre at andre lèt seg lokke til same ugudelegdom».

Les meir

Anna R. Folkestad: Henrik And

Opplegg til boka:
Aktivitets- og fargeleggingsark – på denne sida finn de mellom anna aktivitetsark til Henrik And.

«Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And, saman med eit bilete av Henrik i ein litt tafatt og oppgitt positur. Så byrjar Henrik å tenkje: «kva skulle han vera?» Og han kjem med mange framlegg – kanskje ein katt, ein hund, ein sjiraff eller ein mark? Les meir