16 år gamle Emma har opplevd noko av det vondaste og mest uforståelege nokon kan oppleve. Ein familietragedie, der Emma sin eigen far har skote både henne og mora, og Emma er den einaste overlevande. Vi følgjer Emma i tida etterpå, når ho må bu hos mormora si og ha samtaler med psykologen Beate for å prøve å kome seg vidare. Prøve å hugse akkurat kva som har skjedd. Men Emma vil ikkje hugse. Det er for vondt. Kan ho lage ein ny versjon som er lettare å halde ut?
Lesaren får bli kjent med historia gjennom Emma sine auge, og kapitla i boka skiftar mellom «no» og «då». Ei tidsreise der eg-personen, Emma, ser tilbake på ting som skjedde før pappa brukte pistolen, og samtidig ser livet «her og no». Kunne Emma visst at dette kom til å skje? Var der teikn som ho oversåg? Beate har sagt at det ikkje er hennar feil, at det ikkje er noko Emma kunne ha gjort annleis. Men kva om det ikkje er sant? Ho blir stadig dregen mellom før og no. Det som var før, kjem til ho gjennom draumar, samtalar og minne, og plutselege hendingar, skifte, rørsler og lydar dreg ho tilbake til det som er no. Les meir