Krista Lien Indrehus: Flør

Flør er den fyrste utgjevinga til Krista Lien Indrehus. Det er ei diktsamling som tek føre seg tematikken kring klima, tid og formødrer.

Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamle sine hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som skal leve vidare og det som skal ta slutt.

Les meir

Dordi Strøm: Flog

Flog er ein fasinerande og god roman. Vi møter fem ulike personar i ulike stadium av liva sine, og vi får innblikk i relasjonane mellom dei. Dei blir presentert innleiingsvis, nærast som ei rolleliste, der t.d. Åsta er eit barn, ei ung mor, ei ung kvinne, ei enkje, ei farmor. Historia vekslar raskt mellom personane og ulike årstal, men det er likevel ikkje vanskeleg å følgje utviklinga.

Romanen har ein spennande komposisjon, der vi får innblikk i fem liv og nokre av dei same hendingane sett frå ulike synsvinklar. Dette er ikkje ei samanhengande forteljing, men mange  ulike trådar som likevel viser seg å henge saman med ein annan tråd. Hendingar og setningar blir gjentatt, det same gjer mange av overskriftene på bolkane. Desse overskriftene er enkeltord som pust, flog, vente og heim. Slik kjem det fram mange lag i romanen, og dette er elegant gjort.

Les meir

Åshild Moldskred: Berre hopp!

Ingeborg har blitt uvenner med den tidlegare bestevenninna Pernille. No har Pernille slått seg saman med Marte som går i same klasse. Gjennom ord, handlingar og kroppsspråk ertar dei Ingeborg som bruker høyreapparat.

Forfattaren klarer å skildre korleis det å bli halden utanfor kjennest for ei 11 år gamal jente. I Berre hopp! blir lesaren dregen med inn i tankane og kjenslene til Ingeborg. Sjølvtillit er eit sentralt tema gjennom heile barneromanen. Storebroren til Ingeborg gjev henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Desse utfordringane er med på å skape spenning gjennom heile boka.

Les meir

Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender

Lotte studerer musikk på eit konservatorium i Wien, ho øver mykje på flygelet i håp om å få vere solist på vårkonserten. Ein dag får ho sjå eit gammalt avisutklipp med ein ho kjenner, pianolæraren ho hadde i 12 år, Jákob Lakatos. Har er opphaveleg frå Ungarn. Lotte tenker tilbake på den tida og kvifor ho brått hadde slutta hos han og dradd til Wien.

Les meir

Bok på 1-2-3: 10 ville ekspedisjonar

Tverrfagleg ressurs i samfunnsfag, norsk og engelsk
6. til 9. trinn

Dette undervisningsopplegget til boka 10 ville ekspedisjonar er 11 korte leksjonar fordelte på 11 dagar. Ressursen er inspirert av den svenske læraren Micke Hermansson sin læringsmetode «Grej of the day». Målet med metoden er å gjere kunnskap kjekt og kult. Elevane får høyre om ekspedisjonar til månen, verdas høgste fjell, verdas djupaste havdjup og verdas djupaste grotte. Måla med dette undervisningsopplegget er at elevane skal lære om spennande ekspedisjonar rundt i heile verda frå dei siste hundre åra. Dei skal lytte til nynorske tekstar om desse ekspedisjonane, og dei skal fortelje munnleg om det dei har lært, når dei kjem heim. For kvar tekst har vi lagt inn eit forslag til ein filmsnutt som kan «hekte elevane på» emnet. Fleire av desse filmane har engelsk tale. Her får elevane trening i å lytte og forstå engelsk.

Les meir

Kari Stai: Passe happy

Kari Stai har fanga essensen i det å vere heilt i starten på puberteten og prøve å finne ut av kven ein er, og kva plass ein har i samfunnet og livet. Passe happy handlar om Juri, som synest Sofi er så fin at han mistar pusten. Han er usikker på seg sjølv, og i alle fall heilt blank når det kjem til forelsking og kyssing, tenkjer han. Det er berre saman med venninna Evy at han kan vere seg sjølv. Dei går i same klasse dei også, men er nesten som søsken. Det er komen ein ny gut til klassen, Hugo, som har budd i New York og er kul og trygg, nett som Juri skulle ønskje at han var. Og midt opp i alle desse vennegreiene må Juri finne ut av korleis han skal takle at pappa har flytta ut heimanfrå. Juri likar best at alt er som det alltid har vore, men no er både han og alt anna i endring. Samstundes skjer det også fine ting i livet hans, og sjølv om ytterpunkta i kjenslene ligg langt frå kvarandre, ønskjer han stort sett berre å vere sånn passe happy.

Les meir

Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje?

Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane hennar er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.

Undervisingsopplegg (PDF)
Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag. Livsmeistring, kunnskap om ulike kulturar og digital kompetanse er vektlagt.
Tid: 90 minutt
Les meir

Martine Grande: Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ikkje berre for å vere i lag med Ørn, men også fordi Gorm og dei andre ikkje er særleg snille. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne, og slett ikkje redd, som han brukar å bli når han ser Gorm. Men plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.

Les meir